Walt Whitman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Walt Whitman

Walt Whitman (fødd 31. mai 1819 på Long Island i New York, død 26. mars 1892) var ein amerikansk diktar.

Whitman skreiv på fri verseform, og skrivestilen hans er prega av eit stort språkleg overskot og stor kjærleik til både naturen og mennesket. I samtida hans var meiningane om forfattarskapane hans delte, men i ettertida er han likevel vorte ståande som ein av dei største og viktigaste av alle amerikanske diktarar. Forfattarskapen hans hadde stor innverknad på litteraturen i ettertida. Blant kjende namn som blir rekna for å vere svært inspirert av Whitman, finn vi til dømes Allen Ginsberg og Bob Dylan.

I 1855 gav han for første gongen ut diktsamlinga Gresstrå, som er rekna som hovudverket hans. Verket består av fleire ulike bøker, og vart i levetida til Whitman omskrive og omredigert ei rekkje gonger. I alt vart verket utgjeve i ni ulike versjonar.

Whitman på norsk[endre | endre wikiteksten]

Eit utval frå Gresstrå vart omsett av Per Arneberg og illustrert av Kai Fjell, utgjeve i 1947 med tittelen Sangen om meg selv. Dette utvalet vart seinare gjeve ut på nytt av Den norske Bokklubben i 1973.

Eit utval henta frå både Gresstrå og andre dikt, vart gjendikta av Kurt Narvesen og Håvard Rem, og utgjeve i 1984 med tittelen Tilegnet den usynlige verden. Narvesen hadde òg med enkeltdikt i samlinga si Gjenkomst i mai (1982). Narvesen har seinare arbeidt vidare med Whitman, og utgav i løpet av 2006-2007 ein komplett norsk omsetjing.

Enkeltdikt er gjendikta og utgjeve av Emil Boyson, André Bjerke og Helge Torvund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]