We wish you a Merry Christmas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

We wish you a merry Christmas,
We wish you a merry Christmas,
We wish you a merry Christmas,
And a Happy New Year!

Første verset[1]
«We wish you a Merry Christmas» framført av Chorakademie Dortmund.

«We wish you a Merry Christmas» er ein tradisjonell engelsk julesong. Han skal stamma frå Sørvest-England og ha røter til 1500-talet.[1] Songen er knytt til den gamle britiske julebukktradisjonen wassailing, og blir framleis brukt av songarar som vitjer hus i juletida og til julekonsertar elles. Han er populær både i Storbritannia og Nord-Amerika.

Figgy pudding.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Teksten i «We wish you a Merry Christmas» går ut på å ønskja god jul og godt nyttår. Tilhøyrarane blir også oppfordra til å gje songarane mat og drikke – «figgy pudding», ei slags fruktkake, og «a cup of good cheer», 'eit glas godt humør'. Songarane fortel så at dei ikkje vil gå før dei får noko, før dei avslutter med nye lykkeønskingar.

Ulike versjonar[endre | endre wikiteksten]

Som i mange andre wassailsongar er innhaldet hovudsakleg lagt på feiringa av nyttårs- og julehøgtida, og han har lite kristent innhald. Berre refrenget viser indirekte til juleevangeliet ved å nemna «glad» eller «good tidings» ('godt nytt'):

Good tidings we bring for you and your kin;
We wish you a merry Christmas and a Happy New Year!

Det finst også alternative refreng som kan forsterka eller svekka den kristne tilknyttingar:

The joy of his birth, brings peace upon earth,
We wish you a Merry Christmas and a Happy New Year!
Be near or be far, Where ever you are,
We wish you a Merry Christmas and a Happy New Year!

Det finst òg eit moderne tilleggsvers som fortel at «we all know that Santa's coming».

Songen er omsett til svensk som «God jul önskar vi er alla».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «We Wish You A Merry Christmas» ved hymnsandcarolsofchristmas.com