Wembley Conference Centre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wembley Conference Centre
ArkitektRichard Seifert
Opna31. januar 1977
Kart
Wembley Conference Centre
51°33′26″N 0°17′05″W / 51.5572°N 0.2847°W / 51.5572; -0.2847

Wembley Conference Centre var eit konferansesenter som låg i Wembley Park i London og eksisterte frå 1977 til 2006.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Utover i 1970-åra dukka fleire moderne fleirbruksarenaar opp i dei største byane i England. Blant dei var Wembley Conference Centre, som blei teikna av Richard Seifert for selskapet British Electric Traction Company. Arbeidet med bygginga starta i mai 1973, og senteret blei opna av Edward, hertugen av Kent, den 31. januar 1977. Hovudsalen, kalla Grand Hall, hadde plass til 2500 publikummarar.[1][2][3][4][5] Eurovision Song Contest 1977 var eit av dei første store arrangementa som blei halde i senteret.[6]

Konferansesenteret var del av eit større utviklingsprosjekt i området. Ved sida av senteret opna Greenwich Rooms and Elvin House, ein futuristisk, triangelforma kontorbygning på 722 kvadratmeter,[7] og Wembley Exhibition Centre.[8]

Opninga av konferansesenteret og utstillingshallen auka talet besøkande til Wembley Park, og den nærliggjande togstasjonen, Wembley Hill, blei døypt om til Wembley Complex i mai 1978.[9] I 1987 blei stasjonen døypt om til Wembley Stadium.

Wembley Stadium og områda rundt stadionet skulle byggjast om i 2006, blei konferansesenteret rive for å gje plass til utbygginga.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barron, Michael (2010). Auditorium Acoustics and Architectural Design. Spon Press. s. 410–416. ISBN 0419245103. 
  2. Bass, Howard (1982). Glorious Wembley. Guinness Superlatives. s. 156–60. 
  3. «The New Conference Centre · story · British Universities Film & Video Council». bufvc.ac.uk. Henta 28. juni 2016. 
  4. Knight & Sabey, Donald R. & Alan (1984). The Lion Roars at Wembley. Donald R. Knight. s. 153. 
  5. Hewlett, Geoffrey (1979). A History of Wembley. Brent Library Service. s. 223. 
  6. «Eurovision Song Contest London 1977». eurovision.tv. 2017. Henta 28. juli 2017. 
  7. 2012, Optix Solutions Ltd. «Wembley Conference Centre, Elvin House & Exhibition Halls – " John F Hunt». johnfhunt.co.uk. Henta 28. juni 2016. 
  8. Bowdin, Glenn; Allen,, Johnny; Harris, Rob; McDonnell, Ian; O'Toole, William (2001). Events Management. Heinemann. s. 8. ISBN 0750647965. 
  9. «Notes+News: Wembley Complex renaming». Railway Magazine. juni 1978. 
  10. http://www.quintain.co.uk/~/media/Files/Q/Quintain/2013-full-year-results/archive/nov-06-a.pdf