Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Amalie Skram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Amalie Skram[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Ein viktig artikkel som eg meiner eg har gjeve eit skikkeleg løft dei siste dagane. Nominasjonen eg gjer no er mest for å få artikkelen endå betre, det er viktigare for meg enn at han vert merka «god». Det hadde vore fint om nokon hadde greidd å skaffa bilete/skanningar av nokre av framsidene til originalutgåvene av bøkene hennar. Eg veit ikkje kor store sjansane er for dette … --EIRIK\diskusjon 1. mars 2009 kl. 19:34 (CET)[svar]

Men: ved nærare ettersyn: Det er heilt utenkjeleg at eit leksikon kan bruke ei særoppgåve frå ungdomsskolen som kjelde. Denne kjelda må skiftast ut, der det er naudsynt. --MHaugen (Orland) 1. mars 2009 kl. 20:28 (CET)[svar]
No har eg bytt ut dei fleste førekomstane av særoppgåvekjelda. Tre står att, og dei må eg nok på biblioteket for å sjekke. Den eine er spesielt vanskeleg, sitatet frå «eit brev mot slutten av livet hennar». Har dessutan fjerna understrekinga om kor viktig ho er og lagt til filmografi. Ser verkoppsettet greitt ut? --EIRIK\diskusjon 1. mars 2009 kl. 22:38 (CET)[svar]
Verkoppsettet er greit. Det er ei særoppgåvekjelde til som må vaskast ut, ser eg. Brevsitata er truleg henta frå Amalie Skram om seg selv, eller fra boka med brev mellom ho og Bjørnson. --MHaugen (Orland) 5. mars 2009 kl. 08:19 (CET)[svar]
Eg har leita ein del i begge no, men eg fann berre det eine, så framleis står det eitt sitat att med særoppgåvekjelda. Det er: «Jeg synes saa Synd i os alle sammen … Er vi ikke alle Produkter, som er og maa være, som vi er?» Det er forsåvidt ikkje så veldig viktig for samanhengen, så kanskje vi rett og slett skal kommentere det ut? Då vert vi iallfall kvitt den kjelda vi ikkje vil ha der. Kva synest de? --EIRIK\diskusjon 6. april 2009 kl. 21:50 (CEST)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]