Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Eldfell
Eldfell[endre wikiteksten]
Kommentarar[endre wikiteksten]
Ein svært interessant og god artikkel, av Brukar:Frokor. Artikkelen er lettlesen, og mange gode støtteartiklar forklarer viktige omgrep.
Røysting[endre wikiteksten]
- For Martin NH 28. desember 2008 kl. 11:11 (CET)
- Er diverre Imot --Anders 14. februar 2009 kl. 01:46 (CET) Emnet er viktig historie, og artikkelen er lettlesen og passe stor. Eg vil helst kunne sjekke kjeldene, utan å måtte lese artikkelen på engelsk i tillegg. Den einaste lenkja som er gjeven er funnen broten.
- For --MHaugen (Orland) 1. mars 2009 kl. 20:19 (CET) . Det er ei heilt urimelig grunngjeving for ei nei-stemme at kjeldene er på engelsk. Om det premisset får gjennomslag, vert det umogleg å skrive om ei lang rekke emne.
- For --Hogne 25. mars 2009 kl. 09:36 (CET) Samd med Orland, dei kjeldene som er oppgjevne held!
- For -- stykkjet 30. mai 2009 kl. 01:34 (CEST) Denne er god nok til å vere god
- {{
fot}} For Både lettlest, spanande og vitskapleg. Kjeldene står der også, så då er det vel ikkje noko igjen å utsetja? --Ranveig 30. mai 2009 kl. 11:33 (CEST) - For - Fin artikkel. Eg synest ikkje det er noko innvending at ein må via engelsk wikipedia for å nå kjeldene. Det er trass alt det vanlege at kjelder som blir oppgitt, f. eks. bøker og artiklar, ikkje er direkte tilgjengelege for den alminnelege lesaren. --Egil Arne 30. mai 2009 kl. 13:14 (CEST)
Kommentar::Stemma mi imot var sjølvsagt ikkje at kjeldene var på engelsk, men at det ikkje var lista noko kjelder der, då eg las igjennom artikkelen. Eg kunne såleis ikkje sjekke det som stod her på denne artikkelen,utan å lese ein heilt ny artikkel i tillegg. At ein kan sjekke det som står her er korrekt, er ein av grunnpilarane Wikipedia byggjer på og er difor viktig for at ein artikkel kan kallast god. At einskilde bøker og artiklar i skvaldrepressa legg segg på eit anna nivå, er ikkje vårt problem. Etter at eg las artikkelen i februar, ser eg at kjeldene til slutt har kome på plass. Eg ser såleis ingen problem med å rekkje både hender og føter opp. Anders 13. juni 2009 kl. 18:03 (CEST)