Wikipedia:Grunnprinsipp
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Retningslinene til Wikipedia stør seg på fem viktige grunnprinsipp som seier noko om ideala for verket.
Wikipedia er eit oppslagsverk skrive for lesarar. Det bygger på stoff frå generelle leksikon, spesialiserte oppslagsverk, faglitteratur, fagtidsskrift og almanakkar. Artiklane skal vera nøyaktige og saklege, og skal derfor ikkje innehalda personlege synspunkt eller erfaringar, ny forsking eller liknande.
Wikipedia har ein nøytral synsvinkel, og artiklar skal så langt som råd få fram ulike standpunkt.
Wikipedia er fritt tilgjengeleg. Alt innhald er gjort tilgjengeleg under GNU Free Documentation License (GFDL) og kan brukast vidare av andre.