Almanakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den første kjende boka som vart gjeven ut i Noreg var Tyge Nielssøn sin Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644.

Ein almanakk er ein årleg kalender som inneheld informasjon om eitt eller fleire emne knytte til dei ulike dagane. Ordet almanakk kjem truleg av arabisk al-manākh, 'klimaet', og reflekterer det opphavlege føremålet med almanakken: Å informere om korleis vêr og klima kom til å påverke jordbruket. Seinare almanakkar har mellom anna innehalde astronomiske data, statistikk, høgtidsdagar, generell informasjon og underhaldning som gåter og treffande vendingar.

Almanakk for hinduåret 1871-72. Almanakken inneheld oversyn over dagar, bilete av dei ti avatarane åt Visjnu, mytologiske hendingar og dei tolv hinduiske stjerneteikna.

Historisk[endre | endre wikiteksten]

Forgjengaren til almanakken er rekna å vere den greske vêr-kalenderen, parapegma. Den aleksandrinske astronomen Ptolemaios, som levde i det 2. hundreåret, skreiv avhandlinga Phaseis—«fasar for kjende stjerner og samling av vêr-endringar». Her førte han ei datert liste over sesongavhengige vêr-endringar, dei første og siste observasjonane av stjerner eller stjernebilete og ulike tidsbundne hendingar knytte til sola, som tider for solkverv, soloppgang og solnedgang. Alle listene vart organiserte etter solåret.

Ptolemaios arbeidde ut i frå trua på at astronomiske fenomen låg til grunn for dei sesongbundne endringane i vêret. Seinare almanakkar følgde same tankebane, og inneheldt ofte generelle horoskop og andre spådommar i tillegg til konkret statistikk og informasjon.

Mellomalderske timebøker, som mellom anna kunne opplysa om religiøse og sekulære høgtider, var ein av forløparane for vår tids prenta almanakkar. Ein kan også rekna utskorne primstavar og liknande måtar på å halda styr på merkedagar og årstider på som forløparar.

Tidlege almanakkar[endre | endre wikiteksten]

Februar månad i Tyge Nielssøn sin almanakk frå 1644.

Den eldste kjende almanakken etter moderne mønster blei laga rundt 1150 av Solomon Jarchus.

Almanakkar breidde seg i Europa frå midten av 1500-talet, etter utviklinga av trykking med lause typar. Den første prenta almanakken vart gjeven ut av Johann Gutenberg sjølv, i 1457. Den kjende spåmannen Nostradamus ut almanakkar frå 1550 av. Ein annan kjend almanakk Ephemerides ab anno, blei gjeven ut av Regiomontanus (Johann Müller) i 1473.

Frå 1600-talet avløyste almanakken primstaven i Noreg, og han fekk etterkvart stor utbreiing. Den første tida vart svenske og danske almanakkar bruka i Noreg. Den eldste kjende norske almanakken er datert til 1643, då Tyge Nielssøn gav ut sin almanakk i Christiania; Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644, på 48 sider. Denne almanakken er òg rekna å vere den første norske boka som har vorte publisert. I 1678 vart det på nytt gjeven ut ein norsk almanakk, men så måtte ein vente til 1804 før det kom ut ein norsk almanakk. Almanakk for Noreg vert utgjeven av Universitetet i Oslo, og har komme ut kvart år sidan 1814. Kunnskap ein kunne lese ut av almanakken regulerte mange gjeremål i det gamle bondesamfunnet. Fram til 1884 inneheldt almanakken prenta vêrvarsel for heile året. Til 1987 hadde Almanakkforlaget einerett på å gje ut desse almanakkane.

Frå 1600-talet av vart almanakkar også gjevne ut i Nord-Amerika, mellom anna Poor Richard's almanac skriven av Benjamin Franklin, som vart elska for sitt nyttige og underhaldande innhald. (Old) Farmer's Almanac kom ut første gong i 1792, og har sidan vore trykt årleg, noko som gjer han til den eldste utgjevingsserien i Nord-Amerika.

Moderne almanakkar[endre | endre wikiteksten]

Store almanakkar[endre | endre wikiteksten]

Almanakkforlaget gav lenge ut eigne landsdelsutgåver av Almanakken
Almanakken - ei uforanderleg farsdagsgåve som «gir all den informasjonen trufaste lesarar er vane med å finne».

Moderne almanakkar, som til dømes Almanakk for Noreg (UiO) eller The New York Times Almanac, har gått ut over det opphavlege føremålet med almanakken. Desse inneheld store mengder, ofte detaljert, informasjon og statistikk som omhandlar alle landa i verda. Ofte inneheld dei òg emnetekstar om store hendingar som er aktuelle det inneverande året, eller som har historisk relevans det året.

Emne som ofte vert dekt av store, moderne almanakkar er sport, kultur (til dømes prisutdelingar), geografi, styresmakter, demografi, jordbruk, økonomi, næringsliv, helse, religion, massemedia, transport, vitskap og teknologi.

I Sverige og Finland er dei offisielle almanakkane kjelder for namnedagane. Kvar dag i året har eit eller eit par namn og namnevariantar knytt til seg, både manns- og kvinnenamn. Fornamn bler dermed klassifisert etter om dei finst i kalenderen eller ikkje. Folks namnedagar er like viktige som fødselsdagar, og almanakken har her ein viktig funksjon.


Sjuande sans[endre | endre wikiteksten]

Almanakkforlaget gjev ut ulike typar dagbøker med notatfelt for kvar dag i året, der eigaren kan skrive inn eigne notat. Desse vert gjevne ut under varemerka Den 7de Sans, Aplan og Filofax.

Den 7de Sans har komme ut kvart år sidan 1918, i 1954 kom boka for første gong ut på nynorsk. Desse er mindre utgåver av dei store almanakkane, og høyrer til som regel éin person. Hovudinnhaldet i ein sjuandesans er ei kalenderoversikt over alle dagane i året, med små ruter der eigaren kan gjere personlege notat. Vi forstår av namnet «sjuande sans» at han gjev eigaren ein ekstra «sans» ved å halde oversikt over avtalar og liknande som han treng å hugse. I tillegg er det ofte informasjon om månefasar og namnedagar i dagsrutene, og anna vanleg almanakkstoff som oversiktskalendrar, lister over flaggdagar, omrekningsformlar for til dømes valuta og romartal, kart, kort statistikk om land og liknande.

Filofax er ein vidareutvikling av sjuandesansen, laga som ein liten ringperm der ein kan bytta ut kalenderen kvart år, men ta vare på andre data, som notat og addresselister.

Digitale almanakkar[endre | endre wikiteksten]

PDA som digital almanakk.

Personlege almanakkar er i dataalderen blitt digaliserte, etter kvart som mobiltelefonar og handheldne datamaskiner har fått kalenderprogram av ulike slag. Døme på slike program er Microsoft Outlook og iCal. Desse programma er oftast heilt ribba for dei opphavlege funksjonane til almanakken — å informere om tidvisse endringar i naturen — og fungerer som reine kalendrar, der eigaren kan føre opp avtalar og liknande.

Dei første handheldne datamaskinene (PDA) som kom på marknaden var produserte som reine digitale kalender-almanakkar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Almanakk