Wilhelm Reich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wilhelm Reich (24. mars 18973. november 1957) var ein psykiater, psykoanalytikar og forfattar fødd av jødiske foreldre i Ukraina (då ein del av Austerrike-Ungarn). Han studerte medisin i Wien, og blei interessert i psykoanalyse og læra til Sigmund Freud.

Reich var ferdig utdanna lege i 1922, og same året starta han privat praksis som psykoanalytikar.

På 1920-talet braut han med Freud og danna ei eiga retning innan psykoanalysen: den såkalla "karakteranalysen". I 1930-åra meinte han å ha oppdaga ein fysisk energi, "orgon", som han meinte eksisterte i atmosfæren og i alt levande. Han utvikla instrument som han meinte kunne utnytta denne energien til å handsama sjukdommar som til dømes kreft.

I 1933 gav han ut boka Fascismens massepsykologi som vart forboden av nazistane, noko som mellom anna. førte han til Noreg. Frå 1939 budde han i USA der han haldt fram med forskinga på orgon. Orgonterapien førte til at praksisen hans i 1947 blei etterforska, og han fekk forbod mot å halda fram med denne forma for handsaming.

Wilhelm Reich hadde mange tilhengarar i det psykoanalytiske miljøet i Noreg, men fleire vart kritiske til orgonterapien. Av dei mest trufaste tilhengjarane i Noreg var Nic. Waal og Ola Raknes.