Wilhelm Wilhelmsen (1872–1955)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Wilhelm Wilhelmsen (fødd 11. mars 1872 i Tønsberg, død 11. mai 1955 i Oslo) var ein norsk sjøkaptein og skipsreiar.

Etter skippareksamen 1892 var han til sjøs fram til 1901 og året etter avla han dispasjøreksamen. På denne tida vart han òg medeigar i firmaet til faren sin, Wilh. Wilhelmsen.

Han vart i 1937 utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden og forfremma til kommandør med stjerne i 1945. Han var òg innehavar av den belgiske Leopold-orden, den franske Æreslegionen og den svensken Nordstjerneordenen. Han var æresmedlem i Det Norske Videnskaps-Akademi.

Han var son av skipsreiar Morten Wilhelm Wilhelmsen (Wilh. Wilhelmsen) og hustru Catharine Fredrikke Lorentzen. Han vart i 1904 gift med Engelke Julie Engelhart, dotter av amtmann Thomas von Westen Engelhart.

Wilhelmsen deltok under sommar-OL for Noreg i 1928 i Amsterdam med 4. plass i segling, 8-metersklassen.

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]