Willi Hennig
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emil Hans Willi Hennig (20. april 1913–5. november 1976) var ein tysk biolog som er mest kjend for å ha grunnlagd den fylogenetiske systematikken og med det revolusjonert biologisk systematikk. I tillegg til metodelæra jobba han med insektgruppa tovengjer.