Biologisk systematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foster frå ulike artar. Fugl, fisk eller midt imellom?

Innan biologi er systematikk brukt om det å dela inn organismar i grupper. Faget vert òg omtalt som taksonomi etter takson, nemninga for ei einskild gruppe. Ein har gjort forsøk på å laga slike klassifiseringar av livsformer sidan Aristoteles grunnla biologifaget.

Dagens systematikk er basert på hypotesar om evolusjonært slektskap mellom ulike organismegrupper, med eit formverk frå Carl von Linné sitt hierarkiske system frå 1700-talet. Dette systemet plasserer alle levande ting i artar som høyrer til i slekter. Denne blir vidare sett inn i familie, orden, klasse, rekke (vert òg omtalt som fylum eller divisjon), rike og domene. Det finst òg fleire underinndelingar, for betre å kunne skildra nyansar.

Artsbestemminga og den vidare inndelinga byggjer oftast på utsjånaden og oppbygginga til organismen, og blei først og fremst utvikla som eit middel til å skildra og identifisera artar. Den nye utviklinga av genetikken og DNA-analyse har ført til at ein har måtta omklassifisera mange artar og grupper ut frå påvist slektskap.

Inndeling frå toppen[endre | endre wikiteksten]

Menneska har alltid vore ivrige etter å dela verda inn i kategoriar. Ofte vel dei å gjera det ved hjelp av særskilde trekk mange vesen har felles. Desse inndelingane er lette å forstå og gjera, men vil som regel støyta på problem undervegs.

Det første kjende forsøket på å klassifisera livsformer stod den greske filosofen Aristoteles bak. Han delte livet i to delar, plante- og dyreriket. Vidare kategoriserte han dyra ut frå kvar dei hovudsakleg heldt til (i lufta, på jorda eller i vatnet), og ut frå om dei til dømes hadde blod eller ikkje, la egg eller fødde levande avkom, og så vidare.

Sveitsiske Conrad Gessner, som levde på 1500-talet, gjorde eit grunnleggjande arbeid for zoologien med verket Historia animalium, der han skildra dei fleste kjende dyr.

Inndeling frå botnen[endre | endre wikiteksten]

Ein kan gruppera menneskeapar saman mellom anna ved å samanlikna skjeletta deira.

På 1600-talet gjorde den engelske naturforskaren John Ray opprør mot enten/eller-systema som tok utgangspunkt i allereie fastsette førestillingar. I staden valde han å klassifisera plantar ut frå skilnader og likskapar han fann fram til ved å observera dei. Dette var eit viktig steg mot den moderne taksonomoien.

Carl von Linné blei fødd i 1707, to år etter at John Ray døydde, og følgde mykje av den same tankegangen. Systematikken hans delte òg verda i rike – mineral-, plante- og dyreriket – men han innførte som noko nytt eit todelt namn for kvar art. Slike vitskaplege namn, ofte kalla latinske namn fordi ein hovudsakleg bruker latinske ord og endingar for å skildra vesena, blir framleis brukt til å gje eintydige namn på artar.

Inndeling etter slektskap[endre | endre wikiteksten]

I dag strevar biologisk systematikk etter å avdekkja slektskapen mellom organismane. Dette vert fastsett både ved morfologiske analysar, det vil seie klassisk samanlikning av skilnadar og ulikskapar, og med DNA-sekvensering. Etter den tyske entomologen Willi Hennig er det vorte vanleg å organisera ulike artar eller organismegrupper i evolusjonstre ut frå kva tid dei ulike artane sprang ut or felles stamartar.

Denne evolusjonsbaserte forma for systematikk har ført til store omrokkeringar i Linné sitt system, sjølv om einingane derfrå framleis vert nytta i stor grad. Ein skil i dag mellom kunstige (parafyletiske eller polyfyletiske grupper) og naturlege (monofyletiske) grupper ut frå om alle etterkommarane av ein felles stamart er med i ho.

Oversikt over grupper i biologisk systematikk[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Biologi
anatomi | astrobiologi | biokjemi | bioinformatikk | botanikk | cellebiologi | evolusjonsbiologi | fysiologi | genetikk | genomikk | humanbiologi | marinbiologi | mikrobiologi | molekylærbiologi | opphavet til livet | paleontologi | parasittologi | taksonomi | utviklingsbiologi | zoologi | økologi
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.