William Ferrel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
WilliamFerrel

William Ferrel (18171891) var ein amerikansk meteorolog som utvikla teoriar som forklarte den atmosfæriske sirkulasjonen på midlare breidder i detalj. På grunnlag av dette har sirkulasjonsystemet på midlare breidder kalla opp etter han (ferrelcelle). Han vart fødd i Pennsylvania, og flytte som barn til det noverande Vest-Virginia.

Ferrel viste at ein har stigande varm luft på desse breiddegradene. Denne lufta roterer på grunn av corioliskrafta, og dreg dermed luft frå varmare område mot polane. Det er denne rotasjonen som dannar dei komplekse kurvene i frontsystema, som skil den kalde polarlufta frå den varmare kontinentale og tropiske lufta.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

.