Windows 7

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utviklar: Microsoft
Utgjeve: 22. juli 2009, 22. oktober for vanlege brukarar
Siste versjon: 6.1 (Bygg 7600)
(7600.16385.090713-1255[1])
OS-familie: Microsoft Windows
Type kjerne: Hybrid
Lisens: MS-EULA
Nettside: Offisiell netstad

Windows 7 (tidlegare Windows Blackcomb, seinare Windows Vienna) er ei utgåve av Microsoft Windows, ei rekkje operativsystem laga av Microsoft for PC-ar.[2] Windows 7 vart sendt til masseproduksjon 22. juli 2009[3] og skulle vera tilgjengeleg 22. oktober,[4] mindre enn tre år seinare enn førre utgåve, Windows Vista. Tenarutgåva, kjent som Windows Server 2008 R2, skal koma til om lag same tid.

Ulikt førre utgåva, som kom med mange nye funksjonar, skal Windows 7 vera meir ei mindre oppgradering for å verta meir kompatibel med program- og maskinvare som allereie er kompatible med Windows Vista.[5] Nokre program som tidlegare har vore med i Windows er no tekne bort. Somme av dei er Windows Kalender, Windows Mail, Windows Movie Maker og Windows Fotogalleri.[6][7] Desse vil i staden vera tilgjengelege som kostnadslause nedlastingar i pakka Windows Live Essentials.[8]

Utviklinga[endre | endre wikiteksten]

Blackcomb skulle eigentleg vere etterkomaren til Windows XP (Whistler). Store funksjonar var planlagde for Blackcomb, men ei mindre utgåve ved kodenamn «Longhorn» vart gjort kjend. Denne skulle koma i 2003 og Blackcomb-utviklinga var utsett.[9] I 2003 hadde Longhorn teke over nokre av funksjonane som var planlagde for Blackcomb. Etter at det kom tre store virus for Windows i 2003, måtte Microsoft leggja om prioriteringa for utvikling og Longhorn vart sett på vent slik at Microsoft fekk tid til å laga nye oppdateringar til Windows XP og Windows Server 2003. Longhorn-utviklinga vart dessuten starta opp att frå botnen i august 2004 og soleis utsett igjen. Fleire funksjonar måtte kuttast ut.[10]

Blackcomb fekk det nye namnet Vienna tidleg i 2006,[11] før namnet vart endra til Windows 7 i 2007.[12] I 2008 kom det òg ut at Windows 7 skulle vera det endelege namnet.[13][14]

I januar 2008 kom Milestone 1 (6519), fyrste bygget Microsoft gav til sine partnarar.[15] Under Microsoft PDC 2008 viste dei fram bygg 6801, som inneheldt ei ny oppgåvelinje. Fyrste betautgåve (bygg 7000) lakk ut på netet 27. desember 2008 og var allereie då betre enn både Windows XP og Windows Vista på fleire område.[16] Berre nokre dagar seinare, 9. januar 2009, vart betautgåva tilgjengeleg for nedlasting hjå Microsoft. 5. mai dukka òg RC-utgåva (bygg 7100) opp for nedlasting hjå Microsoft og 22. juli vart endeleg utgåve sendt til masseproduksjon.

Maskinvarekrav[endre | endre wikiteksten]

Microsoft har utgjeve minstekrava deira for Windows 7.[17] Krava for 32-bitarsutgåva er ganske uendra, men krava for 64-bitersutgåva er høgare. Microsoft har utgjeve ei betautgåve av ein oppgraderingsrådgjevar som søkjer gjennom maskina for å sjå om ho kan køyra Windows 7. [18]

Minimum hardware requirements for Windows 7[17]
Arkitektur 32-bitar 64-bitar
CPU-snøggleik 1 GHz
Minne (RAM) 1 GB 2 GB
Grafikkort Støtte for DirectX 9 og 128 MB grafikkminne (for Windows Aero)
Ledig plass på platelager 16 GB 20 GB
Optisk stasjon DVD-stasjon (berre til installering frå DVD/CD)

Ekstra krav til å nytta somme funksjonar:[17]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjeldetilvisingar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Windows 7 and Windows Server 2008 R2 Officially RTM At Build Version 6.1.7600.16385 (engelsk)». http://www.mydigitallife.info/2009/07/23/windows-7-and-windows-server-2008-r2-officially-rtm-at-build-version-6-1-7600-16385/. Henta 2009-07-23. 
  2. Ricciuti, Mike (July 20, 2007). «Next version of Windows: Call it 7 (engelsk)». CNET News. http://www.news.com/2100-1016_3-6197943.html. 
  3. Brandon LeBlanc. «Windows 7 Has Been Released to Manufacturing». http://windowsteamblog.com/blogs/windows7/archive/2009/07/22/windows-7-has-been-released-to-manufacturing.aspx. 
  4. «Windows 7 and Windows Server 2008 R2 Timelines Shared at Computex». Microsoft. June 3, 2009. http://www.microsoft.com/presspass/features/2009/Jun09/06-02SteveGuggenheimer.mspx. Henta 2009-06-03. 
  5. Nash, Mike (28. oktober 2008). «Windows 7 Unveiled Today at PDC 2008 (engelsk)». Windows Team Blog. Microsoft. http://windowsteamblog.com/blogs/windows7/archive/2008/10/28/windows-7-unveiled-today-at-pdc-2008.aspx. Henta 2008-11-11. 
  6. «Windows 7 to Skip Photo, Mail, Calendar and Movie Editing tools». http://www.techpluto.com/softwares-missing-in-windows-7/. 
  7. «E-mail, photos, movie making will not be included in Windows 7». http://www.networkworld.com/community/node/33084. 
  8. LeBlance, Brandon (28 October 2008). «The Complete Windows Experience – Windows 7 + Windows Live». Windows Team Blog. Microsoft. http://windowsteamblog.com/blogs/windowsexperience/archive/2008/10/28/the-complete-windows-experience-windows-7-windows-live.aspx. Henta 2008-11-11. 
  9. Lettice, John (2001-10-24). «Gates confirms Windows Longhorn for 2003 (engelsk)». The Register. http://www.theregister.co.uk/2001/10/24/gates_confirms_windows_longhorn. Henta 2008-03-05. 
  10. «Microsoft cuts key Longhorn feature (engelsk)». Todd Bishop. Hearst Seattle Media, LLC. August 28, 2004. http://www.seattlepi.com/business/188339_msftcuts28.html. Henta 2009-03-25. 
  11. Thurrott, Paul (14 February 2007). «Windows "7" FAQ (engelsk)». Paul Thurrott's SuperSite for Windows. http://www.winsupersite.com/faq/windows_7.asp. Henta 2008-01-05. 
  12. Foley, Mary J (2007-07-20), Windows Seven: Think 2010 (engelsk), ZDNet, http://blogs.zdnet.com/microsoft/?p=592, henta 2007-09-19 
  13. Fried, Ina (2008-10-13), Microsoft makes Windows 7 name final (engelsk), CNET, http://news.cnet.com/8301-13860_3-10064971-56.html, henta 2008-10-13 
  14. Canadian Broadcasting Corporation (October 2008), For Microsoft's Windows, 7th time's a charm (engelsk), http://www.cbc.ca/technology/story/2008/10/14/tech-windows.html, henta 2008-10-27 
  15. Ian Cunningham (3 December 2008). «Windows 7 Build Numbers». http://www.w7forums.com/windows-7-build-numbers-t58.html. 
  16. Graham-Smith, Darien (January 2009). «Follow-up: Benchmarking Windows 7». http://www.pcpro.co.uk/blogs/2008/11/12/follow-up-benchmarking-windows-7/. Henta 2009-01-29. 
  17. 17,0 17,1 17,2 «Windows 7 system requirements». Microsoft. http://windows.microsoft.com/en-us/windows7/products/system-requirements. 
  18. http://www.microsoft.com/downloads/details.aspx?familyid=1B544E90-7659-4BD9-9E51-2497C146AF15&displaylang=en

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]