MS-DOS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MS-DOS


Utviklar(ar)Microsoft
Utgjeve12. august 1981
Nyaste versjon8.01 (14. september 2000)
PlattformIntel 8086, PC
Skrevet iassembler
Skrivebordsmiljøkommandolinjegrensesnitt
Nettstadhttps://www.microsoft.com/resources/documentation/windows/xp/all/proddocs/en-us/windows_dos_overview.mspx
Føregangar86-DOS
EtterfølgjarMicrosoft Windows

MS-DOS er eit operativsystem som la fundamentet for suksessen til Microsoft. Det vart brukt som operativsystem på IBMs fyrste personlege datamaskin i 1981.

QDOS[endre | endre wikiteksten]

Det heile starta med QDOS (Quick and Dirty Operating System) som var utvikla av Seattle Computer Products. Bill Gates og Microsoft vart kontakta av IBM som ynskte eit operativsystem for deira nye personlege datamaskin (Personal Computer, PC) som var under utvikling. Microsoft kjøpte opp QDOS for 75 000 USD og gav ut den fyrste versjonen i 1981 berre med eit nytt namn, MS-DOS.

Windows[endre | endre wikiteksten]

I løpet av 80-talet og ut i 90-talet kom operativsystemet ut i stadig nye versjonar med utvida funksjonar. Etterkvart tok ein shell-applikasjon kalla Windows stadig meir over, og ved utgjevinga av Windows 95 var det snudd opp ned sånn at Windows var det faktiske operativsystemet, mens MS-DOS var blitt ein shell-applikasjon.

Grunna at Microsoft valde å lisensiera programvaren sin framfor å selja den tente selskapet mykje pengar på då MS-DOS vart svært populært.

Kontroversen mellom Microsoft, Digital Research Inc. og IBM[endre | endre wikiteksten]

I boka They made America påpeikar Harold Evans at det opphavleg var Gary Kildalls operativsystem CP/M som var tiltenkt den nye heimedatamaskinen til IBM. Kildall var leiar for selskapet Digital Research Inc. (DMI) og laga det fyrste operativsystemet for mikroprosessoren, CP/M. Kva som eigentleg hende har ein aldri fått riktig greie på. IBM hadde ein avtale med Kildall, men han var ute med småflyet sitt då dei møtte opp på kontoret hans. Visstnok inngjekk flyturen i ein annan avtale Kildall hadde med Hewlett-Packard, sidan han meinte at avtalen var seinare på dagen. Om han faktisk møtte representantane frå IBM er usikkert den dag i dag.

Det som er klart er at når IBM ikkje fekk nokon avtale med Kildall og DMI så gjekk dei til Bill Gates og Microsoft som vart førespurd om han kunne ordne det. Det var då Microsoft kjøpte QDOS. I følgje Evans bok skal QDOS ha innehalde mykje kjeldekode frå CP/M. Då Kildall forstod at det ikkje var CP/M, men derimot MS-DOS som kom til å verta brukt som operativsystem på IBMs datamaskinar vart han rasande. Han fekk til slutt gjort ein avtale med IBM som gjekk med på å selja maskinar med både MS-DOS og CP/M, markedet skulle bestemma. Det var eit nytt sjokk for Kildall då han fekk veta at MS-DOS-maskinane skulle seljast for 40 USD, medan maskinane med CP/M vart prisa til 240 USD, altså seks gongar så mykje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]