Woods metall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Woods metall

Woods metall er ei legering som består av fire delar vismut, to delar bly, ein del tinn og ein del kadmium. Smelteområdet til legeringa ligg rundt 70 ºC.

Legeringa vert mellom anna nytta i automatiske brannsløkkingsapparat, sidan det smeltar ved låge temperaturar og slik utløyser sløkkesystemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Woods metall» i Caplex.