Wright-brørne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Demonstrasjonsflyging for U.S. Army, 17, september 1908.

Wilbur (fødd 16. april 1867, død 30. mai 1912) og Orville Wright (fødd 19. august 1871, død 30. januar 1948) var to amerikanarar som gjennomførte den første dokumenterte vellukka flyginga i eit motorfly.

I byrjinga dreiv dei ein sykkelverkstad og sykkelproduksjon, før dei byrja med modellglideforsøk i åra før 1900. Det første motordrivne flyet deira, kalla Flyer 1, utstyrde dei med ein 8,8 kW motor og to skyvepropellar. 17. desember 1903 gjorde dei fire flygingar med dette flyet, der den lengste varte i 59 sekund.[1]

Tre dagar seinare flaug dei for første gongen i ein heil sirkel, med den sterkare Flyer 2. I 1904 flaug dei i 5 minutt, medan i 1905 over 30 minutt i Flyer 3.

Brørne designa sine eigne propellar og skar dei ut i tre. Desse hadde ein verknadsgrad på over 80 %. Til samanlikning har moderne propellar (2008) ein verknadsgrad rundt 85 %

Orville vart i 1908 hardt skadd i ei flyulykke, men han overlevde.

Brørne Wrights Memorial i Kitty Hawk

Ein modell av flyet til Wright-brørne finst i samlinga til Norsk Teknisk Museum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]