Propell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Propell på eit skip
Propellar på det sovjetiske transportflyet Antonov An-22.
Propellar (rotorar) på eit helikopter produsert av La Société nationale industrielle aérospatiale, type AS-332M1.
Flytype med ein propell framme som dreg og ein propell bak som skyv: Cessna Skymaster O-2.

Propell (opphavleg frå latin propellere, å drive framover) er eit nav utstyrt med vengar (blad) som er utforma slik at innretninga kan ta seg fram i luft eller vatn ved å rotere, og soleis nyttast til framdrift for fartøy som går i luft eller vatn, som til dømes fly, helikopter, luftskip, skip eller båtar.

Propellar kan òg nyttast til å flytte luft eller anna gass, til dømes i form av vifter som set luft i rørsle for å kjøle ned personar i varme rom, og dei kan nyttast som drivverk for ulike maskinar og innretningar ved å late strøymande vatn eller gass i ein turbin, eller vinden, drive dei rundt. Innretningar med propellar som vert drivne av vinden vert vanlegvis kalla vindmøller jamvel om dei ikkje produserer mjøl, men til dømes elektrisitet.

For båtar og skip har det sidan midten av 1800-talet vore nytta propellar plassert under vasslina akterut og drive av dampmaskinar ombord, seinare òg av andre typar forbrenningsmotorar. Propellar avløyste snøgt dei skovlehjula akterut eller på kvar side av skipa som til dess hadde vore den einaste måten å utnytta maskinkraft til framdrift av skip, som på grunn av skovlehjula vert kalla hjuldamparar.

Moderne propellar for båtar og skip har vanlegvis stillbare blad som gjev propellen optimal verknad under ulike tilhøve. Større båtar og skip er ofte òg utstyrt med ein eller fleire tverrstilte propellar i tunnelar i baugpartiet (framparten av skipet eller båten) for å gjere navigeringa lettare i hamneområda, inn til kai og elles i tronge og vanskelege farvatn.

På fly har propellar vore den einaste praktiske framdriftsinnretninga fram til jetmotoren kom i vanleg bruk. Dei fleste propellflya har propellen eller propellane plassert slik at flyet vert drege av dei, men det finst òg fly som er utstyrt med motorar med propellar plassert slik at dei skyver flyet. Moderne flypropellar har vanlegvis stillbare propellblad som gjer at propellen kan få optimal verknad under ulike tilhøve.

Eit helikopter har ein stor propell, vanlegvis kalla rotor, plassert vassrett oppå fartøyet, som både lyfter fartøyet og driv det framover. Denne propellen er eigenleg eit sett med roterande vengar som er så store at det er naudsynt med ein tverrstilt propell, òg kalla rotor, heilt bak på fartøyet for å motverke rotasjonskrafta frå desse roterande vengane, og soleis hindre at sjølve helikopteret roterer i staden for vengane. På store helikopter med to roterande vengar, roterer dei i motsett lei i høve til kvarandre for å oppnå same verknaden den tverrstilte halepropellen elles gjev.

Utforming og verkemåte[endre | endre wikiteksten]

Arkimedes' skrue.

Skipspropellar og flypropellar har to eller fleire blad eller vengar og verkar på same måte som ei flyvenge under fart ved at forma og skråstillinga på propellbladet får vasstraumen eller luftstraumen til å gå ein lengre veg på den eine sida av bladet enn på hi side når bladet vert sett i rørsle. På den måten skapar vatnet eller lufta eit undertrykk på den eine sida og eit trykk på hi side som får propellen til å «skru» seg framover i vatnet eller i lufta.

Skipspropellar har breie og etter måten stutte blad, medan flypropellar har lange og smale blad. Materialet i skips- og båtpropellar er bronse eller rustfritt stål, for mindre påhengsmotorar til småbåtar ofte aluminium eller plast. I flypropellar nyttast ofte ei aluminiumslegering (lettmetall). I tidlegare tider vart ofte toblada propellar med faste blad laga av tre.

Propellar med vridbare blad, slik at ein kan endre stillinga på dei i høvet til lengderetninga på navet, kalla stigninga, gjer det mogleg å regulere farten på eit skip, og jamvel late skipet gå akterover, utan å endre omdreiinga på navet. På fly gjer endringa av stillinga på blada det mogleg å få optimale tilhøve under ulik fart på motoren, og til å nytte propellen som ein slags luftbremse under landing.

Kring ein skipspropell kan det vere montert ei traktliknande dyse, såkalla propelldyse, for å gje propellen betre verknad og dessutan gje fartøyet betre styringseigenskapar. Skipspropellar kan dessutan verte monterte på vertikale akslar som kan dreiast, slik at propellane kan virke både til framdrift av fartøyet og til styring av det. Fartøyet treng då ikkje å vere utstyrt med vanleg ror.

Arkimedes' skrue, ei roterande skrueforma innretning inne i eit røyr for å lyfta vatn frå eit lågt nivå til eit høgare, verkar etter prinsipp som ikkje har noko å gjere med det som gjeld for propellar. Men på byrjinga av 1800-talet meinte dei fleste at prinsippet for denne innretninga òg kunne nyttast for ei framdriftsinnretning for dampskip som var betre skikka enn dei skovlehjula som hjuldamparane nytta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Propell