Xinhairevolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gata Nanjing lu i Shanghai i 1911, smykka med revolusjonsfaner - flagget Fem folkeslag saman i harmoni.
Det keisarlege abdikasjonsediktet.

Xinhairevolusjonen eller Hsinhairevolusjonen (kinesisk skrift 辛亥革命; pinyin Xīnhài Gémìng) var eit opprør som styrta Qing-dynastiet i Kina i 1911. Det har namn etter det kinesiske året xinhai ('metall-gris') det fann stad i. Revolusjonen innvarsla opprettinga av Republikken Kina.

Opprøret braut ut den 10. oktober 1911 i Wuchang, hovudstaden i den sentrale Hubei-provinsen. Leidd av Li Yuanhong tok opprørarane kontroll over arsenalet i Hanyang og massakrerte den svake garnisonen med mandsjuiske Qing-styrkar. Opprøret spreidde seg raskt til dei større byer i Hubei og Hunan. Det spreidde seg gjennom sørkinesiske provinsar og lét seg ikkje stoppa. Etter ei tid hadde 15 provinsar erklært sjølvstende frå Qing-styret.

Opprøret kulminerte med at Xuantong-keisaren (betre kjend som Puyi) abdiserte den 12. februar 1912, etter langtrekte forhandlingar mellom rivaliserande keisarlege og republikanske styre basert i høvesvis Beijing og Nanjing. Revolusjonen gjekk over i ein strid om det framtidige styresettet til Kina. To kortvarige gjeninnføringar av monarkiet følgde før det republikanske styret blei endeleg innført.

I Taiwan og blant mange utanlandskinesarar blir Xinhairevolusjonen feira på Dobbel-ti-dagen, 10. oktober.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]