Yamoussoukro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cihotelprsidt2.JPG

Yamoussoukro er hovudstaden i Elfenbeinskysten. Byen har rundt 100.000 innbyggjarar og ligg 24 mil nord for Abidjan. I byen ligg basilikaen Notre Dame de la Paix, som er verdas største kyrkjebygg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Då Frankrike gjekk inn og koloniserte området, var N'Gokro ein landsby med om lag 500 innbyggjarar som vart styrt av dronning Yamousso. I 1909 gjorde akouê-folket, som òg budde i N'Gokro, opprør mot kolonimakta. Den franske handelsstasjonen vart sett i flammar og den administratoren, Simon Maurice, berga livet berre fordi den tidlegare kongen Kouassi N'Go, som var onkelen til Yamousso, mana til fred.

Etter kvart som situasjonen roa seg flytta administrasjonen og hæren til N'Gokro, som vart omdøypt til Yamoussoukro til ære for dronninga. Ein pyramide til ære for Kouassi N'Go vart òg reist her. Deretter vart byen stort sett gløymd.

Félix Houphouët-Boigny var den første presidenten i den frie Elfenbeinskysten. Han kom frå Yamoussoukro, og haldt byen fram som eit eksempel for resten av landet, mellom anna det effektive jordbruket her. Seinare skulle byen bli utnemnd til hovudstad, men ikkje før Large-Bassam, Bingerville og Abidjan først hadde vore det. I mars 1983 vart Yamoussoukro endeleg den politiske og administrative hovudstaden i landet. Det meste av den økonomiske aktiviteten skjer likevel fortsatt i Abidjan.

Yamoussoukro-distriktet[endre | endre wikiteksten]

Yamoussoukro er òg hovudby i District de Yamoussoukro, som inneheld dei mindre kommunane Attiégouakro, Yamoussoukro, Didiévi og Tié-n'diékro. 55 % av dei 300.000 innbyggjarane i distriktet bur i byar. Området har tropisk klima med fire årstider; to tørkeperiodar og to regntider.

Folkegruppa som bur i distriktet vert kalla Baoulé, og er delt inn i fire stammar: Akouê, Nanafouê, N'zikpli og Ngban.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]