Elfenbeinskysten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
République de Côte d'Ivoire

(norsk: Elfenbeinskysten, ivoriansk)

Det ivorianske flagget
Flagg
Nasjonalsong «L'Abidjanaise»
Motto Union-Discipline-Travail (fransk: Samhald, disiplin og arbeid)
Geografisk plassering av Elfenbeinskysten
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Yamoussoukro (offisielt), Abidjan (de facto)
Styresett
Parlamentarisme
Alassane Ouattara
Daniel Kablan Duncan
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
322 463 km² (68.)
1,4%
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
21 952 093 (55.)
68,1 /km² (119.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Frankrike
5. august 1960
Nasjonaldag 7. august etter frigjeringa i 1960
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
37 800 mill. USD (98.)
1 800 USD (163.)
Valuta CFA-franc
Telefonkode +225
Toppnivådomene .ci


Elfenbeinskysten (offisielt namn Côte d'Ivoire) er eit land i Vest-Afrika som grensar til Liberia, Guinea, Mali, Burkina Faso og Ghana. I sør har det kystline mot Guineabukta. Hovudstaden i landet er offisielt Yamoussoukro, men den tidlegare hovudstaden Abidjan er framleis administrasjonssenter.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den sørlege tredjedelen av landet er lågland som i gjennomsnitt ligg mindre enn 150 meter over havet. Høgare sletter og platå utgjer resten av landet, som i snitt ligg 300 m.o.h.

Dei største elvene er Comoé, Bandama og Sassandra, som alle renn sørover til Guineabukta. Elvene har fleire stryk og kan berre seglast på over korte strekk.

Vest i landet ligg Manfjella, ein del av Guineahøglandet. Den høgaste toppen er fjellet Nimba, som er 1 752 meter og ligg på grensa til Liberia.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kystområda av Elfenbeinskysten har to regntider, ein frå april til juli, og den andre frå september til november. Dei nordlege områda har berre ei regntid som startar i mai eller juni. Minst sannsyn frå nedbør på kysten er det i perioden desember til februar. Regnmengdene minkar gradvis innover i landet.

Dei nordlege områda har tørketid mellom oktober og april, og temperaturane kan då bli ganske høge med med svært låg relativ fukt. Frå desember til februar kan den nordaustlege harmattanvinden påverke heile landet, bortsett frå kystområda. Denne vinden fører ofte med seg ein del støv.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kolonitid[endre | endre wikiteksten]

Ein veit lite om historia til landet før europearane kom i land på 1460-talet. Dei største folkegruppene er alle komne hit ganske nyleg: Krufolket frå Liberia rundt 1600, senoufoane og lubiane frå Burkina Faso og Mali noko seinare. Akanane kom inn frå Ghana først på 1700-talet, og malinkéane immigrerte frå Guinea.

Til forskjell frå nabolandet Ghana hadde Elfenbeinskysten lite slavehandel, ettersom landet hadde dårlege hamner. Men rundt 1840 fatta franskmennene interesse for ressursane det hadde, og etablerte militærbasar langs kysten medan dei prøvde å få herredømet over heile landet. I 1890-åra kjempa dei ein langvarig krig mot mandinkastyrker, og geriljamotstand frå austlege grupper fortsette fram til 1917.

Kolonimakta ønska produksjon av kolonialvarer, og byrja å dyrka kaffi, kakao og palmetre for palmeoljeproduksjon i kystområda. Elfenbeinskysten var det einaste landet i Vest-Afrika med ein stor del europearar som busette seg der for å driva jordbruk; i dei andre landa og i Sentral-Afrika dreiv dei som regel berre med administrasjon.

Franske plantasjeeigarar blei favoriserte av staten, og dyrka jorda ved hjelp av lokalt tvangsarbeid. Då hovdingsonen Félix Houphouët-Boigny danna den første fagforeninga for kakaobønder i 1944, fekk han raskt støtte frå andre. Eitt år seinare blei han valt som representant til det franske parlamentet, og i løpet av endå eitt år var tvangsarbeidet blitt avskaffa. Han blei seinare den første afrikanske ministeren i ei europeisk regjering, men vart òg mindre radikal med åra. Houphouët-Boigny blei den første presidenten då Elfenbeinskysten fekk sjølvstende i 1960.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Landet hadde fått ein solid økonomi som fortsette å veksa under sjølvstyret. Regjeringa stimulerte produksjonen ved å gje bøndene gode prisar, og blei ein av dei største eksportørane i verda av kaffi og kakao. Det blei òg den største afrikanske eksportøren av ananas og palmeolje. Medan europearar drog bort frå andre tidlegare koloniland, strøymde dei inn til Elfenbeinskysten; talet på franskmenn auka frå 10 000 til 50 000. I tjue år hadde landet ein årleg økonomisk vekst på nesten 10%, den høgaste i afrikanske land utan oljeressursar.

Politisk var stoda ein annan. Houphouët-Boigny styrte som ein diktator, berre eitt parti var tillate og pressa var sensurert. Presidenten brukte òg millionar av dollar på å gjera heimbyen sin, Yamoussoukro, til ein praktfull hovudstad for landet.

I 1980-åra tok då også eventyret slutt. Nedgang på verdsmarknadane kombinert med tørke i landet sende sjokkbølgjer gjennom økonomien. Utarma skogar etter overdriven tømmerhogst og kraftig minkande sukkerprisar gjorde vondt verre, og utanlandsgjelda til landet tredobla seg. Dei økonomiske problema førte til auka kriminalitet, men òg til streikar og demonstrasjonar for større demokrati, og Elfenbeinskysten fekk fleirpartistyre.

Henri Konan-Bédié var den utvalde arvtakaren etter Houphouët-Boigny, som døydde i 1993. I 1999 måtte han likevel flykta frå landet då misnøgde generalar utførte eit militærkupp. Robert Guéi blei president i 2000 ved eit val som verken var fredeleg eller demokratisk, men store protestar førte til at han måtte gå av til fordel for motstandaren sin, Laurent Gbagbo. Det var oppstått spenning mellom folk frå nord, som gjerne er muslimar, og folk i sør, som praktiserer naturreligionar. Folkeleg uro blei til militær oppstand i 2002, då troppar frå nord gjorde opprør. Frankrike sende inn styrker som skulle halda på freden, medan militiaer frå Liberia og Sierra Leone nytta uroa til å erobra vestlege delar av landet.

President Gbagbo og opprørsleiarane skreiv under på ein avtale i januar 2003 og danna ei nasjonal samlingsregjering, men landet var framleis splitta. I mars 2004 blei 120 menneske drepne under eit folkemøte for opposisjonen. I november blei våpenkvila broten då luftvåpenet gjekk til åtak på opprørsstyrkar. Uroa har ført til fiendskap mellom ulike folkegrupper og har jaga folk som ikkje er rekna som ekte ivorianarar på flukt.

Valet i 2010[endre | endre wikiteksten]

I 2010 vann Alassane Ouattara presidentvalet over Laurent Gbagbo. På grunn av den langvarige uroa i landet hadde valet vorte utsett lenge, og Gbagbo hadde fått sitja som president i ti år. Gbagbo meinte at han sjølv var rettmessig vinnar av valet, og skulda på valfusk. Men internasjonale observatørar, m.a. Den afrikanske unionen, anerkjente Ouattara som vinnar. Då Gbagbo likevel nekta å gje frå seg makta, braut det ut valdshandlingar i Elfenbeinskysten som varte langt inn i 2011.

Elfenbeinskysten, som tidlegare var det økonomiske fyrtårnet for Vest-Afrika, er blitt til problemlandet i området.

Kjende folk frå Elfenbeinskysten[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!