Yin og yang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det tradisjonelle symbolet for yin (svart) og yang (kvit)

Yin (陰 (japansk) eller 阴 (kinesisk)) og yang (陽 eller 阳) er sentrale omgrep innan kinesisk filosofi, særleg taoisme. På japansk kallast omgrepet in-yo.

Yin er her det jordiske, yang det himmelske prinsippet. Dei symboliserer to motsette, komplementære prinsipp som kald – varm, mørk – ljos, passiv – aktiv og så vidare. Overgangen mellom yin og yang er ikkje skarp, men flytande. Sjå òg dualisme.

Til dømes kan ein i filosofien skildre sommar som full yang, haust som overgang frå yang til yin, vinter som full yin og vår som overgang frå yin til yang.

Yang og yin vert rekna som krefter som skal utfylle kvarandre. Ubalanse mellom kreftene kan oppstå.

Yin vert ofte karakterisert som ein kinesisk drake og yang som ein tiger.

Den ytre sirkelen tyder «alt» medan det svarte og kvite innanfor sirkelen representerer samspelet mellom to krefter kalla «yin» (svart) og «yang» (kvit). Dei kan ikkje eksistere utan kvarandre. Dei er ikkje heilt svart og kvite, akkurat som at ting i livet ikkje er heilt svart eller kvitt.

Spire Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.