Tiger
| Tiger | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Mammalia | |
| Orden: | Carnivora | |
| Familie: | Felidae | |
| Slekt: | Panthera | |
| Art: | Panthera tigris | |
| Underartar | ||
|
||
| Tiger | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Svensk | Tiger |
| Dansk | Tiger |
| Engelsk | Tiger |
| Tysk | Tiger |
| Fransk | Tigre |
| Spansk | Tigre |
| Russisk | Tigr (Тигр) |
Tigeren er eit stort rovdyr som lever i ymse skogområde i Asia. Det er det største av kattedyra, og kan drepa husdyr og menneske. I løpet av det siste hundreåret har 94 % av alle verdas tigrar frsvinne, og det finst truleg berre 5 000-7 000 ville tigrar igjen. Nokre underartar er utrydda, og arten er rekna som truga.
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Det finst åtte ulike underartar av tigrar, og dei varierer i storleik. Den største, sibirtigeren (Panthera tigris altaica), har ei kroppslengde mellom 270 og 310 cm og ei vekt på opptil 260 kg. Dei minste variantane, som lever i Indonesia, veg så lite som 100 kg og er ikkje lengre enn 220-270 cm.
Utbreiing [endre]
Dei ulike tigerunderartane lever i isolerte populasjonar i fleire asiatiske land, mellom anna India, Mandsjuria, Bangladesh, Burma, Nepal, Kina og Indonesia. Bestanden er størst i mangroveområdet Sundarbarns i India og Bangladesh, der det heldt til over 3000 bengaltigrar.
Åtferd [endre]
Tigeren lever åleine i store territoriar, og har berre kontakt med artsfeller i paringstida. Han er hovudsakleg nattaktiv, og lever for det meste på store pattedyr han angripar bakifrå eller frå sidan. Menneskeetande tigrar førekjem berre unntaksvis; det dreier seg då oftast om skadde eller eldre individ som ikkje er i stand til å jakta på dei vanlege byttedyra.
Kjelder [endre]
- Verdens dyr, Cappelen 1985
- Delar av denne artikkelen bygger på «Tiger» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2010.
Bakgrunnsstoff [endre]