Yogyakarta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Yogyakarta (skriven Jogjakarta før 1972, òg kalla Jogja) er hovudstaden i provinsen og sultanatet YogyakartaJava i Indonesia. Byen har kring 3,2 millionar innbyggjarar (2003).

Yogyakarta er eit leiande turistmål i Indonesia, òg på grunn av store attraksjonar i området rundt: Det store buddhistiske tempelanlegget Borobudur, det hinduistiske tempelanlegget Prambanan, og den sjåverdige aktive vulkanen Merapi.

Byen vart grunnlagt i 1749. Sultanatet oppstod like etter, i 1755, og gjekk ut frå Sultanatet Mataram. Dette riket hadde sidan 1500-talet herska over det meste av Java. Det nederlandske austindiakompaniet godkjende sultanatet, men heldt retten til å stadfeste kvar ny sultan i embetet. I de åra etter sjølvstendekrigen raste i Indonesia (1945-1949) vart hovudstaden tidvis lagt til Yogyakarta, sidan Jakarta var under nederlandsk kontroll. Sultan Hamengkubuwono IX (1912-1988) erklærte i 1950 at riket hans skulle inngå i Indonesia, og fekk til gjengjeld livslangt styresmakt over det som vart det administrative særområdet (Daerah Istimewa). Sultanen som overtok i 1988 var Hamengkubuwono X.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]