Jakarta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daerah Khusus Ibukota Jakarta
Jakarta.jpg
Kallenamn
«Den store durianen»
Motto
«Jaya Raya»
(Sigrande og stor)
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Jakarta
Jakarta is located in Indonesia
Styresmakter
Land
Provins
Indonesia Indonesia
Jakarta
Guvernør Fauzi Bowo
Geografi
Flatevidd
 - By

750,28 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2008)
   - folketettleik
 - Byområde

8 489 910
  11315,7/km²
13 194 000
Koordinatar -6°-16′0″N 106°48′0″EKoordinatar: -6°-16′0″N 106°48′0″E
Høgd over havet 4 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Telefon-retningsnummer +6221

Jakarta (også DKI Jakarta) er hovudstaden og den største byen i Indonesia. Jakarta ligg på nord-vest kysten av Java, har ei landflate på 661,52km2 og eit innbyggjartal på 8,489,910.[1] Byen er økonomisk, kulturelt og politisk sentrum for Indonesia, den største byen i Søraust-Asia og den tolvte største byen i verda. Storbyområdet, kalla Jabodetabek, er det sjette største i verda. Byen har tidlegare heitt Sunda Kelapa (397-1527), Jayakarta (1527-1619), Batavia (1619-1942) og Djakarta (1942-1972).

Etter tuftinga på 300-talet, vart Jakarta ein viktig hamne- og handelsby for Sunda-kongedømet. Som Batavia voks den seg stor som hovudstaden for Nederlandsk Austindia. Byen fekk namnet Jakarta i 1942 under den japanske okkupasjonen av Java, og vart hovudstaden i Indonesia då landet vart sjølvstendig etter Den andre verdskrigen.

Viktige landemerke i Jakarta er mellom anna Den indonesiske børsen, Indonesias Bank, og Nasjonalmonumentet ((Tugu Monas)). Byen er sete for ASEAN-sekretariatet. Han har to internasjonale flyplassar, Soekarno-Hatta og Halim Perdanakusuma, og hamna Tanjung Priok. Byen har fleire intercity- og pendlar-toglinjer og fleire bussruter som fer på særskilte bussvegar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jakarta ligg på nordvestkysten av Java, ved munningen av Ciliwungelva i Jakarta-bukta, som er eit inntak frå Javasjøen. Den nordlege delen av Jakarta ligg på sletteland, om lag åtte meter over havet. Dette bidreg til jamnleg flaum. Dei sørlege delane av byen er prega av åsar. Det er om lag tretten elvar som flyt gjennom Jakarta, der stordelen flyt frå åslandskapet i den sørlege delen nordover mot Javasjøen. Den viktigaste elva er Ciliwungelva som delar byen i vestlege og austlege administrative område. Byen grensar mot provinsen Vest-Java i aust og provinsen Banten i vest.

Dei tusen øyane, som administrativt er del av Jakarta, ligg i Jakartabukta nord for byen.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Jakarta har eit varmt og fuktig ekvatorialt/tropisk klima (Af) etter Köppens system for klassifisering av klima. Plasseringa i den vestlege delen av Indonesia gjer at toppen av regntida er i Januar, med eit gjennomsnittleg nedbør på 350 mm, og tørketida sitt botnpunkt er i august med eit månadleg gjennomsnitt på 60 mm.[2] Byen er fuktig gjennom året med daglege temperaturar mellom 25° og 38 °C.[3]

Soge[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Soga til Jakarta.
Beleiringa av Batavia i 1628 frå sultanen av Mataram.

Det gamle namnet på Jakarta var Sunda Kelapa. Den første nedteikninga som gjer dette området som ein hovudstad kan sporast til det indianiserte kongedømet Tarumanagara så tidleg som 300-talet. I år 39 skipa kong Purnawarman Sunda Pura som ein ny hovudstad for kongedømet, liggjande på nordkysten av Java.[4] Purnawarman let sju minnesteinar med innskriberingar med hans namn spreidd ut over området, inkludert noverande Banten og Vest-Java provinsane. Tugu innskrifta er rekna for å vere den eldste av dei.[5]

Etter at makta til Tarumanagara vart svekka, blei alle av dei mange territoria, under dei Sunda Pura, del av Sunda-kongedømet. Hamneområdet vart gjeve nytt namn som Sunda Kelapa etter det som er skrive i ein hindumunk sine palmebladmanuskript, som no er å finn i Bodleian-biblioteket ved Oxford-universitetet i England, og ferdnotatar frå prins Bujangga Manik.[6] Innan det fjortande århundret var Sunda Kelapa blitt ei viktig handelshamn for kongedømet. Den første europeiske flåten; fire portugisiske skip frå Malacca, kom fram i 1513, då portugisarane var på jakt etter ei rute for å transportere krydder, særleg svart pepar.[7]

Sunda-kongedømet gjekk inn i ein fredsavtale med Portugal, gjennom å gje portugisarane løyve til å byggje ei hamn i 1522 for å skydde mot den aukande makta til Sultanatet av Demak frå sentral-Java.[8] I 1527 gjekk Fatahillah, ein sumatra-malaysisk krigar frå Demak, til åtak på Sunda-kongedømet og lykkast i å overta hamna den 22. juni 1527. Etter dette vart Sunda Kelapa omdøypt til Jayakarta, gammaljavanesisk for 'sigershandling' eller 'full siger'.[8] I 1628 og igjen i 1629 prøvde sultanen av Mataram å ta byen frå nederlendarane utan å lukkast.

Batavia-slottet, sett frå Vestlege Kali Besar av Andries Beeckman om lag 1656-58
Kart over Batavia frå 1667.

Nederlandske Batavia[endre | endre wikiteksten]

Gjennom tilhøvet med prins Jayawikarta frå Banten-sultanatet, kom nederlandske skip til Jayakarta i 1596. I 1602 kom dei første farande frå det Britiske austindiske kompaniet, leia av James Lancaster fram til Aceh, og sigla vidare til Banten der dei fekk løyve til å tufte ein handelspost. Staden vart sentrum for britisk handel i Indonesia fram til 1682.[9]

Tydelegvis gjorde Jayawikarta også handelsband med dei engelske handelsfarande, som var i konkurranse med nederlendarane, gjennom å late dei byggje hus på motsett side av dei nederlandske bygningane i 1615.[10] Då tilhøvet mellom prins Jayawikarta og nederlendarane forverra seg, gjekk Jayawikarta sine soldatar til åtak på den nederlandske festninga. Men sjølv med støtte frå femten britiske skip, var ikkje prins Jayakarta sin hær i stand til å nedkjempe nederlendarane, dels grunna den godt tima ankomsten av Jan Pieterszoon Coen (J.P. Coen). Nederlendarane brende det engelske fortet, og tvinga englendarane i retrett til skipa sine. Med denne sigeren vart den nederlandske maktbasen i området konsolidert. I 1619 gav dei Jayawikarta namnet «Batavia».

Batavia om lag 1870

Handelsmoglegheiter i hovudstaden til den nederlandske kolonien trekte til seg indonesiske og særskilt kinesiske immigrantar. Det aukande talet på immigrantar førte til byrdar for byen. Spenninga auka då kolonistyret prøvde avgrense kinesisk innvandring gjennom deporteringar. Den 9. oktober 1740 vart 5 000 kinesarar massakrerte og dei etterfølgjande åra var kinesiske innbyggjarar flytt til Glodok utanfor bymurane.[11] Byen byrja flytte vidare sørover etterkvart som epidemiane i 1835 og 1870 leidde folk til å flytte langt sør frå hamna. Koningsplein, no Merdekaplassen vart ferdigbygt i 1818, husvereparken Menteng var påbyrja i 1913,[12] og Kebayoran Baru var det siste Nederlandsk-bygte bustadstrøket.[11]

Byen vart gjenoppkalla «Jakarta» av japanarane under deira okkupasjon av Indonesia under den andre verdskrigen. Etter verdskrigen trekte indonesiske republikanarar seg ut av alliert-okkuperte Jakarta under kampen deira for Indonesisk sjølvstende og etablerte hovudstaden deira i Yogyakarta. I 1950, etter at sjølvstende var sikra, vart Jakarta atter ein gong gjort til den nasjonale hovudstaden.[11] Indonesias skipande president, Sukarno, såg føre seg Jakarta som ein stor internasjonal by. Han var pådrivaren bak store stats-finansierte prosjekt formgjeve i openlys nasjonalistisk og modernistisk ariktektur.[13][14] Prosjekt i Jakarta omfatta mellom anna ein kløver-forma motorveg, ein stor bulevard (Jalan MH Thamrin-Sudirman), monument som Nasjonalmonumentet, store hotell, kjøpesenter, og ei ny parlamentsbygning.

I oktober 1965 var Jakarta staden for eit feilslått kuppforsøk der 6 høgare generalar vart drepne. Kuppforsøke leidde endeleg til at Sukarto fall og byrjinga på Suharto si «Nye ordning». Eit propagandamonument står ved staden der lika av generalane vart dumpa. Jakarta vart i 1966 erklært eit «særskilt hovudstadsområde» (daerah khusus ibukota), og fekk slik status om lag på line med ein stat eller ein provins.[15] Generalløytnant Ali Sadikin tente som Guvernør frå byrjinga av «den Nye Ordninga» på midten av 1960-talet til 1977. Han fornya vegar og bruer, fremja kunstartane, bygte fleire sjukehus og eit stort tal nye skular. Han fjerna også ut slum-busettarar for nye utviklingsprosjekt—nokre til føremon for Suharto-familien[16][17]—og prøvde å fjerne rickshawar og forby gatehandlarar. Han byrja ta kontroll med migrasjon til byen for å demme overfolkinga og fattigdom.[18] Omfordeling av land, strukturell justering,Mal:Fact og utanlandsk investering bidrog til ein eigedoms-boom som endra byens ytre framtoning.[19] Boomen slutta med den austasiatiske finanskrisa i 1997/98, noko som gjorde Jakarta til eit sentrum for vald, protestar og politisk manøvrering. Den lengeverande presidenten, Suharto, byrja miste grepet på makta. Spenningane nådde ein topp ved Jakartaopprøra i mai 1998, der fire studentar vart skotne og drepne ved Trisakti universitet av tryggleiksstyrkar; fire dagar med opprør og vald følgde, noko som leidde til eit estimert tal på 1 200 tapte liv og 6 000 skadde eller øydelagde bygningar.[20] Suharto trekte seg som president, og Jakarta har forblitt eit sentrum for demokratiske endringar i Indonesia.[21] Det har vore fleire bombeåtak i byen, knytt til Jemaah Islamiah, sidan 2000.[11]

Styre[endre | endre wikiteksten]

Offisielt er Jakarta ikkje ein by, men ein provins med særskilt stode som hovudstaden i Indonesia. Den vert styrt mykje på same vis som andre indonesiske provinsar. Til dømes har Jakarta ein guvernør (i staden for ein borgarmeister), og er delt opp i fleire under-regionar med deira eigne styresett. Jakarta, som ein provins, er delt opp i fem byar (kota), tidlegare bykommunar, der kvar av dei er leia av ein borgarmeister, og eit regentskap (kabupaten) leia av ein regent. Det første frie valet av Jakartas guvernør vart heldt i august 2007; valet vart vunne av Fauzi Bowo. Guvernørane har tidlegare vorte utpeika av det lokale parlamentet. Valet er del av ei landsomfattande desentraliseringsprosess som opnar for direte lokalval i fleire område.[22]

Horisont i Jakarta.

Liste over byar i Jakarta:

  • Sentral-Jakarta (Jakarta Pusat: Folkesetnad 889,448)[23] er det tettast folkesette distriktet og heimen til fleirtalet av skyskraparane i Jakarta. Distriktet er også sete for sentrale styringsorgan, Bank Indonesia, den store Istiqlal-moskeen, det store Grand Indonesia kjøpesenteret og eit stort tal museum.
  • Aust-Jakarta (Jakarta Timur: Folkesetnad 2,391,166)
  • Nord-Jakarta (Jakarta Utara: Folkesetnad 1,445,623 )
  • Sør-Jakarta (Jakarta Selatan: Folkesetnad 2,001,353 )
  • Vest-Jakarta (Jakarta Barat: Folkesetnad 2,093,013)

Det einaste regentskapet i Jakarta er:

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Som den økonomiske og politiske hovudstaden i Indonesia tiltrekk Jakarta seg mange utanlandske såvel som innanlandske innvandrarar. Mange av innvandrarane er frå dei andre delane av Java, noko som bidreg til ei blanding av båe dialektar frå javanesisk og sundanesisk, og deira tradisjonelle matrettar og sedvaner.

Eit kallenamn for Jakarta er «Den store durianen».

Betawifolket (Orang Betawi, eller 'Batavia-folket') er eit omgrep som vert nytta om etterkomarane av folka som var busette rundt Batavia og vart kjend som ein stamme frå rundt 1700- til 1800-talet. Betawifolket er i hovudsak etterkomarar frå ulike søraustasiatiske etniske grupper leia eller drege til Batavia for å møte behovet for arbeidskraft, og omfatta folk frå ulike delar av Indonesia.[24] Språket og kulturen til desse immigrantane er særskilt frå dei sundanesiske eller javanesiske. Språket er meir tufta på ein aust-malaysisk dialekt og styrkja med lånord frå javanesisk, kinesisk og arabisk. No til dags er Jakarta-dialektane laust baserte på Betawi-språket.

Det har også vore eit viktig kinesisk samfunn i Jakarta over fleire hundreår. Offisielt utgjer dei 6 % av folkesetnaden i Jakarta, men dette talet kan vere underrapportert.[25]

Ein av dei mange statuane i Jakarta frå Sukarno-tida.

Jakarta har fleire kultursenter, som til dømes Senayan-senteret. Ein finn ofte tradisjonell musikk i hotell for dei høgare stendene, mellom anna wayang og gamelan-framsyningar. Som landets største by og hovudstad, har Jakarta lokka mange nasjonale og regionale kløpparar som håpar på å få eit større publikum og fleire høve til å skape landeplager.

Ironisk nok finn ein sjeldan Betawi-kunstartar i Jakarta, grunna deira vidgjetne låge-profil, og fleirtalet av dei har flytt til utkantstrøka av Jakarta, overvelma av immigrantbølga. Det er enklare å finne javanesiske eller minang-baserte brudlaups-seremoniar i staden for betawi-typen. Likeeins er det enklare å finne javanesisk gamelan enn gambang kromong (ei blanding av betawi- og kinesisk musikk. eller tanjidor (blanding av betawi- og portugisisk musikk) eller marawis (ei blanding av betawi- og yamansk musikk). Jamvel har nokre festivalar som Jalan Jaksa Festival eller Kemang Festival prøvd å ta vare på betawi-kunsten gjennom å invitere artistar til å gjere framsyningar.[26]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien er nært knytt til finansiell tenesteyting, handel og industriproduksjon. Industriproduksjonen er spreidd over fleire felt, med større sektorar innan produksjon av elektronikk, bilar, kjemikaliar, mekanisk ingeniørverksemd og biomedisinske vitskapar.[27] Jakarta er den mest luksuriøse og travlaste byen i Indonesia. I 2009 hadde 13 % av folkesetnaden i Jakarta ei inntekt per hovud på meir enn 108 000 000 rupiyah (10 000 US-dollar).[28]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Jalan Thamrin, ein hovudveg i Sentral-Jakarta

Som ein av dei mest folkesette byane i verda, slit Jakarta med transportproblem.[29] Stordelen av kollektivtrafikken i Indonesia er såkalla mikroletar, som er private minibussar.

Vegtransport[endre | endre wikiteksten]

Trass at det finst fleire vide vegar, slit Jakarta med trafikkorker grunna tung trafikk, særleg i det sentrale forretningsstrøket. For å redusere talet på trafikkorker, har nokre av dei største vegane i Jakarta ein 'tre i ein' regel i rush-tida. Denne regelen vart introdusert i 1992, og gjer forbod mot å ha færre enn tre passasjerar i kvar bil på visse vegar.

Motorisert bajaj

Tuktukar, kalla bajaj, syter for lokal transport i bakgatene i somme delar av byen. Frå tidleg på 1940-talet til 1991 var dei ei vanleg form for lokal transport i byen. I 1966 vart det estimert at det opererte 160 000 rickshawar i byen; så mykje som 15% av Jakartas arbeidstakarar heldt på med rickshaw køyring. I 1971 vart rickshawar forbode frå hovudvegane, og kort tid seinare prøva styresmaktene å gjennomføre eit totalforbod. Dette reduserte tale deira vesentleg, men fjerna dei ikkje heilt frå trafikkbiletet. Ei særleg aggressiv kampanje for å fjerne dei vart vellukka i 1990 og 1991, men under den økonomiske krisa i 1998, returnerte nokre under mindre effektive kontrollforsøk frå styresmaktene.[30]

TransJakarta bussteneste i Jakarta

TransJakarta hurtigbuss-tenesta opererer på sju reserverte hurtigbuss korridorar i byen; den første frå Blok M til Jakarta Kota opna i januar, 2004.

Ein ytre ringveg er under konstruksjon og er delvis i bruk frå Cilincing-Cakung-Pasar Rebo-Pondok Pinang-Daan Mogot-Cengkareng. Ein bomveg knyter Jakarta til Soekarno-Hatta Internasjonale Flyplass i norddelen av Jakarta. Vidare er det tilknytningar via bomvegar til hamna Merak og Tangerang i vest og Bekasi, Cibitung og Karawang, Purwakarta og Bandung i aust.

Jernbane og vassvegar[endre | endre wikiteksten]

Fleire jernbaner tener Jakarta, og koplar byen til naboregionane; Depok og Bogor i sør, Tangerang og Serpong i vest, og Bekasi, Karawang, og Cikampek i aust. Dei viktigaste togstasjonane er Gambir, Jatinegara, Pasar Senen, Manggarai, Tanah Abang, og Jakarta Kota. I rushtida overstig talet på passasjerar i vesentleg mon systemets kapasitet, og opphoping er vanleg.

To linjer i Jakarta Monorail er under bygging: den grøne lina som tener Semanggi-Casablancavegen-Kuningan-Semanggi og den blå lina som tener Kampung Melayu-Casablancavegen-Tanah Abang-Roxy. I tillegg er det planar for eit to liners system av undergrunnsbaner, med ei nord-sør line mellom Kota og Lebak Bulus, med tilknytningar til begge monorail-linene; og ei aust-vest line, som vil møte nord-sør lina ved Sawah Besar stasjonen. Det noverande prosjektet, som byrja i 2005, har vorte utsett grunna pengemangel, og prosjektet vart forlatt av utviklaren PT Jakarta Monorail i mars 2008.

Den 30. november 2007 opna KRL (pendlartog) Ciliwung blå linje.[31] Den tenar Jakartas sirkel line, som vart nytt på 1980-talet. Bilettprisen er Rp 5000,00 . Den tenar Manggarai, Mampang, Karet, Jend. Sudirman Road, Duri, Angke, Kampung Bandan, Rajawali, Kemayoran, Pasar Senen, Gang Sentiong, Kramat, Pondok Jati, og Jatinegara. Toget har ein kapasitet på 400 passasjerar.[32]

Den 6. juni 2007 byrjar bystyret å introdusere Vassvegen, ei ny båtteneste langs Ciliwung-elva.[29][33]

Lufttransport[endre | endre wikiteksten]

Soekarno-Hatta internasjonale flyplass (CGK) er den viktigaste flyplassen i Jakarta, og Indonesias hovudport til omverda. Den vert nytt båe av private og kommersielle flyfraktarar, og koplar Jakarta med andre indonesiske byar og internasjonale reisemål, og er Indonesias travlaste flyplass. Ein vidare flyplass, Halim Perdanakusuma internasjonale flyplass (HLP) tener mest private og presidentale flygningar.

Administrasjonsbygning ved Universitas Indonesia.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I Jakarta finst fleire universitet, der det eldste er det statlege Universitas Indonesia (UI)[34] og det private Universitas Nasional (UNAS)[35]. Det er også fleire andre private universitet i Jakarta, som Universitas Trisakti [36] og Universitas Tarumanagara, som er to av dei største private universiteta i Jakarta. Som den største byen og hovudstaden, husar jakarta eit stort tal studentar frå ulike delar av Indonesia. Mange av desse bur i studentbustader eller i hybelrom hjå lokale familiar. Eins med andre store byar i utviklingsland finst det mange yrkesskular. For grunnleggande skulegang er det eit stort utval av borne- og ungdomsskular, merka som offentlege (national), private (national and bi-lingual national plus) og internasjonale skular. To av dei viktigaste internasjonale skulane i Jakarta er Jakarta International School og British International Schoool, Jakarta. BIS er ein SEASAC og FOBISSEA-skule.

Sport[endre | endre wikiteksten]

Sidane Soekarno-tida har Jakarta ofte blitt vald som staden for internasjonale sportsarrangement som dei Asiatiske leikane i 1962, Asia-cupen 2007 og fleire gonger som vert for dei regionale Sjø-spela (Sea Games). Jakarta er også heimen til fleire profesjonelle fotball-klubbar. Den mest populære av dei er Persija, som regelmessig spelar kampar i Lebak Bulus-stadion. Eit anna lokalt eliteserielag er Persitara. Vinnarane av Galatama-konkurransen, Warna Agung og Jayakarta fotballklubb, har også base i Jakarta. Den største stadionen i Jakarta er Bung Karno Stadium med ein kapasitet på 100 000 tilskodarar[37]. For basketball er Kelapa Gading Sport Mall i Kelapa Gading, Nord Jakarta, med ein kapasitet på 7000 tilskodarar, heimearenaen til det nasjonale basketballaget. Mange internasjonale basketballkampar vert spela i på denne stadionen. Senayan sportskomplekset er sett saman av fleire sportsarenaer, mellom dei Bung Karno fotballstadion, Madya Stadion, Istora Senayan, ei skytebane, ei tennisbanne og eit treningsområde for golf. Senayan-komplekset vart bygt i 1959 med sikte på Dei asiatiske liekane i 1962. Jakarta, saman med Bandung, skal igjen vere vert for Søraust-Asia-leikane i 2011. Førebuingane for å halde leikane har heldt på sidan avslutninga av Søraust-asia leikane i Thailand i 2007. Den indonesiske polosameininga, som det styrande organet for polo i Indonesia, har uttrykt sitt ønske om å vere vert for polo turneringa under Søraust-asia leikane i 2009, etter at det var stadfesta at polo ikkje vart med i Søraust-Asia-leikane 2009 i Laos. Det indonesiske pololaget kom på sisteplass i Søraust-Asia-leikane i 2007.

Media[endre | endre wikiteksten]

Jakarta har fleire dagsaviser, som Bisnis Indonesia, Investor Daily, Jakarta Globe, The Jakarta Post, Indo Pos, Seputar Indonesia, Kompas, Media Indonesia, Republika, Pos Kota, Warta Kota, Lampu Merah ogSuara Pembaruan.

Innbyggjarane i byen kan ta inn statleg fjernsyn, TVRI, fleire private indonesiske fjernsynskanalar: TPI, RCTI, Metro TV, Indosiar, StarANTV, SCTV, Trans TV, TV ONE (tidlegare Lativi), Trans 7, og Global TV og lokalfjernsynskanalane Jak-TV, O-Channel og Space-Toon. Tilgjengeleg kabelfjernsyn er First Media og TelkomVision og satellittfjernsyn er Indovision, Astro Nusantara, TelkomVision og Aora TV.

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalmonumentet (eller Monumen Nasjonal/Monas i lokal nemning9, Nasjonalmuseet, Presidentpalasset, Gambir-togstasjonen, Taman Mini Indonesia Indah, Bung Karno Stadium.

Problem[endre | endre wikiteksten]

Ei søppelfylling i Bantar Gebang i Bekasi.

Som mange storbyar i utviklingsland slit Jakarta med store utfordringar knytt til kraftig urbanisering. Folkesetnaden har auka dramatisk frå 1,2 millionar i 1960 til 8.8 millionar i 2004, om ein berre tel dei folkeregistrerte innbyggjarane. Folkesetnaden til Stor-Jakarta er rekna å vere 23 millionar, noko som svarar til det nest største urbane området i verda.

Den snøgge folkesetnadsveksten har vokse forbi styresmaktene sin evne til å bidra med grunnleggande tenester til innbyggjarande. Som den tredje største økonomien i Indonesia, har Jakarta trekt til seg eit stort tal med gjestar. Folketalet på vekedagar er om lag dobbelt så høgt som i helgene, på grunn av alle innbyggjarane frå Jabodetabek-området som kjem inn til Jakarta. Då styresmaktene ikkje klarar å syte for ei nødvendig transportløysing for det store innbyggjartalet, lir Jakarta også av alvorlege trafikkorker nærast kvar dag. Luftforureining og avfallshandtering er også store problem. Innan 2025 kan folkesetnaden ha nådd 24,9 millionar, utan at ein tel millionane i dei kringliggjande områda.[38]

Sanitære tilhøve[endre | endre wikiteksten]

Spørreundersøkingar syner at «mindre enn ein firdel av folksetnaden kan fullt ut nytte utbetra drikkekjelder» Resten nyttar ei utval av kjelder, mellom dei elver, innsjøar og private vannselgarar. Om lag 7,2 millionar personar er [utan reint vatn]».[39]

Flaum[endre | endre wikiteksten]

Under regntida lir Jakarta av flaum, grunna tette kloakkrør og vassvegar, avskoging nær snøgt urbaniserande Bogor og Depok, og det faktum at 40 % av byen er under sjønivå, Store flaumar fann stad i 1996[40][41] då 5000 hektar land vart overflauma,[42] og 2007.[43] Tap frå skade på infrastruktur og statleg inntening var minst på 5.2 trillionar rupiah (572 millionar amerikanske dollar) og minst 85 personar miste livet [44] og om lag 350.000 personar vart tvungne å forlate heimane sine.[45]. Om lag 70% av Jakartas areal vart overflauma av vatn opp til fire meter djupt i delar av byen.[46] [47]

Uformell føretaksverksemd[endre | endre wikiteksten]

I september 2007 vart ei ny lov gjeldande som hadde til føremål å regulere delar av den offentlege orden. Han gav forbod mot å gje pengar til tiggarar, gateartistar eller gateseljarar. Vidare gjer den forbod mot ulovlege busettingar på elvebreiddar og langs motorvegar, og forbyr spytting og røyking på offentlege transportmiddel. Personar som vaskar bilvindauge og styrar trafikken i travle kryss utan løyve vil også verte straffa. Kritikarar av dei nye reglane har hevada at ei slik lov vil vere vanskelege å handheve, og at han ikkje la vekt på den store fattigdomen mange av innbyggjarane lever i.[48]

Søsterbyar[endre | endre wikiteksten]

Jakarta har fleire søsterbyar rundt om i verda:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Penduduk Provinsi DKI Jakarta: Penduduk Provinsi DKI Jakarta Januari 2008 (Demographics and Civil Records Service: Population of the Province of Jakarta January 2008
  2. Turner, Peter (1997). Java (1st edition ed.). Melbourne: Lonely Planet Publications. ss. 37. ISBN 0-86442-314-4. 
  3. «Jakarta: When to Go». Lonely Planet. Lonely Planet Publications. 2008. http://www.lonelyplanet.com/worldguide/indonesia/jakarta/when-to-go. Henta 2008-10-06. 
  4. Sundakala: cuplikan sejarah Sunda berdasarkan naskah-naskah “Panitia Wangsakerta” Cirebon. Yayasan Pustaka Jaya, Jakarta. 2005. 
  5. The Sunda Kingdom of West Java From Tarumanagara to Pakuan Pajajaran with the Royal Center of Bogor. Yayasan Cipta Loka Caraka. 2007. 
  6. Three Old Sundanese Poems. KITLV Press. 2007. 
  7. Sumber-sumber asli sejarah Jakarta, Jilid I: Dokumen-dokumen sejarah Jakarta sampai dengan akhir abad ke-16. Cipta Loka Caraka. 1999. 
  8. 8,0 8,1 «History of Jakarta». BeritaJakarta. http://www.beritajakarta.com/english/AboutJakarta/HistoryofJakarta.asp. 
  9. Ricklefs, M.C. (1993). A History of Modern Indonesia Since c.1300 (2nd edition ed.). London: MacMillan. ss. p.29. ISBN 0-333-57689-6. 
  10. Heuken, Adolf (2000). Sumber-sumber asli sejarah Jakarta Jilid II: Dokumen-dokumen Sejarah Jakarta dari kedatangan kapal pertama Belanda (1596) sampai dengan tahun 1619 (Authentic sources of History of Jakarta part II: Documents of history of Jakarta from the first arrival of Dutch ship (1596) to year 1619). Jakarta: Yayasan Cipta Loka Caraka. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Witton, Patrick (2003). Indonesia. Melbourne: Lonely Planet Publications. ss. 138–139. ISBN 1-74059-154-2. 
  12. [1]
  13. Kusno, Abidin (2000). Behind the Postcolonial: Architecture, Urban Space and Political Cultures. New York City: Routledge isbn=0415236150. 
  14. Schoppert, P.; Damais, S. (1997). Java Style. Paris: Didier Millet. ISBN 962-593-232-1. 
  15. «Jakarta». Encyclopedia Britannica Online. Encyclopædia Britannica, Inc. http://www.britannica.com/eb/article-9106450/Jakarta#13148.toc. Henta 2007-09-17. 
  16. Douglas, M. (1989). «The Environmental Sustainability of Development. Coordination, Incentives and Political Will in Land Use Planning for the Jakarta Metropolis». Third World Planning Review 11 (2 pages=pp. 211-238). 
  17. Douglas, M. (1992). «The Political Economy of Urban Poverty and Environmental Management in Asia: Access, Empowerment and Community-based Alternatives». Environment and Urbanization 4 (2): 9–32. 
  18. Turner, Peter (1997). Java (1st edition). Melbourne: Lonely Planet. ss. 315. ISBN 0-86442-314-4. 
  19. Sajor, Edsel E. (2003). «Globalization and the Urban Property Boom in Metro Cebu, Philippines». Development and Change 34 (4): 713–742. doi:10.1111/1467-7660.00325?cookieSet=1. 
  20. Friend, Theodore (2003). Indonesian Destinies. Harvard University Press. s. 329. ISBN 0-674-01137-6. 
  21. Friend, T. (2003). Indonesian Destinies. Harvard University Press. ISBN 0-674-01137-6. 
  22. Jakarta holds historic election, BBC, 2007-08-08, http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/asia-pacific/6936276.stm 
  23. «Jumlah Penduduk dan Rasio Jenis Kelamin menurut Provinsi dan Kabupaten/Kota, 2005 (Number of Population and Sex Ratio by Province and District, 2005))» (på Indonesian). Statistics Indonesia. http://www.datastatistik-indonesia.com/component/option,com_tabel/task,show/Itemid,164/. 
  24. The Betawi - due to their diverse origins - play a major role concerning ethnic and national identity in contemporary Jakarta; see Knörr, Jacqueline: Kreolität und postkoloniale Gesellschaft. Integration und Differenzierung in Jakarta, Campus Verlag: Frankfurt a.M. & New York, 2007, ISBN 978-3-593-38344-6
  25. Johnston, Tim (2005-03-03). «Chinese diaspora: Indonesia». BBC News. BBC. http://news.bbc.co.uk/1/hi/world/asia-pacific/4312805.stm. 
  26. Knörr, Jacqueline (2007). Kreolität und postkoloniale Gesellschaft. Integration und Differenzierung in Jakarta. Frankfurt: Campus Verlag. ISBN 978-3-593-38344-6. 
  27. [2]
  28. Tak ada Krisis untuk Konsumtivisme. http://epaper.kompas.com.+May 1st. 
  29. 29,0 29,1 Williamson, Lucy (6 June 2007). «Jakarta begins river boat service». BBC News. 
  30. Azuma, Yoshifumi (2003). Urban peasants: beca drivers in Jakarta. Jakarta: Pustaka Sinar Harapan.
  31. «KRL Dalam Kota "Ciliwung Blue Line" Dioperasikan» (på Indonesian). ANTARA News. ANTARA. 2007-11-23. http://www.antara.co.id/arc/2007/11/23/krl-dalam-kota-ciliwung-blue-line-dioperasikan/. 
  32. «KRL Dalam Kota Akan Terintegrasi dengan Moda Transportasi Lain». Berita Aktual. 2007-12-01. http://beritadotcom.blogspot.com/2007/12/kereta-lingkar-jakarta-resmi-meluncur.html. 
  33. «Jakarta gets its first klong taxis». Bangkok Post. The Post Publishing Public Co. http://www.bangkokpost.net/breaking_news/breakingnews.php?id=119260. 
  34. Universitas Indonesia | The University with world class perspectives | Posts
  35. Web Universitas Nasional 1949
  36. [3]
  37. Football stadiums of the world - Stadiums in Indonesia
  38. Far Eastern Economic Review, Asia 1998 Yearbook, p. 63.
  39. United Nations Human Development Report 2006, p. 39 [4]
  40. Asiaviews - Asian News
  41. «Floods in DKI Jakarta Province, updated 19 Feb 2007 Emergency Situation Report No. 6». ReliefWeb. 2007-02-19. http://www.reliefweb.int/rw/RWB.NSF/db900SID/VBOL-6YPCN6?OpenDocument. 
  42. 1996 «2007 Global Register of Major Flood Events». Dartmouth Flood Observatory. Dartmouth College. http://www.dartmouth.edu/~floods/Archives/1996sum.htm 1996. 
  43. Bloomberg.com: Asia
  44. Three killed, 90,000 evacuated in Jakarta floods: officials - Yahoo! News
  45. Disease fears as floods ravage Jakarta
  46. Jakarta Flood Feb 2007 « (Geo) Information for All
  47. http://www.dartmouth.edu/~floods/Archives/2007sum.htm
  48. «Condemned Communities: Forced Evictions in Jakarta» Human Rights Watch Sep 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jakarta