Yosemite Valley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 37°43′18″N 119°38′47″W
Yosemite Valley
dal
none
Region US-CA
koordinatar 37°43′18″N 119°38′47″W
Lengd 11 km
Breidde 1 5 km
Høgd 1 250 m

Yosemite Valley (uttale «jåSEMiti vælli») er ein dal vest i Sierra Nevada-fjella i California som er grave ut av Merced River. Dalen er kring 11 km lang og omringa av opp mot 1500 meter høge fjellsider og store fossefall. Her finn ein mellom anna dei høge granitttoppane Half Dome, El Capitan og Cloud's Rest, og fleire av fjellsidene er kledde med tett furuskog. Dalen er kjend for den vakre naturen og vert rekna som høgdepunktet i Yosemite nasjonalpark som har mange turistar frå heile verda.

Øvre Yosemite Fall; den nedre delen av fossen er ikkje synleg på dette biletet.

Yosemite Valley ligg på vestsida av Sierra Nevada-fjella, 240 km aust for San Francisco. Han strekkjer seg 11 km frå aust til vest og er om lag 1,5 km brei. Yosemite Valley utgjer berre ein prosent av heile nasjonalparken, men det er her dei fleste turistane kjem. Det går mange stiar i området og i fjellsidene finst fleire fossefall, som Yosemite Falls. I dalbotn finn ein både skog og store opne sletter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yosemite Valley