Zakumi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Zakumi (fødd 16. juni 1994) var den offisielle maskoten for VM i fotball 2010 som vart arrangert i Sør-Afrika. Maskoten er en antropomorf leopard med grøne gylne fargar. Namnet Zakumi kjem frå ZA som er ISO 3166-1-koden til Sør-Afrika, og kumi, eit ord som tydar ti på mange afrikanske språk.

Zakumis fødselsdag er på same dag som den offisielle høgtidsdagen for ungdommar som markerer dagen for Soweto-opprøret, og fødselsåret er året det for fyrste gong vart gjennomført eit ikkje-rasistisk val i Sør-Afrika.

Dei grøne og gule fargane i karakteren matchar fargane som er brukt i dei sørafrikanske sportsdraktene, så vel som i fotballdraktene til det sørafrikanske landslaget i fotball.

Det offisielle mottoet til Zakumi er: «Zakumi's game is Fair Play».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]