Zetasletta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Zetasletta er eit frodig lågland i Montenegro. Det strekkjer seg frå Podgorica i nord til Shkodërsjøen i sør og er den største sletta i landet. Den gjennomsnittlege høgda er 40 meter over havet.

Namnet Zeta kjem frå ei tidleg rot som tyder «innhausting». Det kan virke noko forvirrande at elva Zeta ikkje renn over Zetasletta, men over ei anna viktig sletta i Montenegro, Bjelopavlićisletta.

Sidan det er få sletter og dyrkbare område i Montenegro er Zetsletta eit av dei tettast folkesette områda i Montenegro. Det store vinområdet Plantaže ligg på Zetasletta. Det vert òg dyrka ein del middelhavsfrukt og grønsaker her.

Podgorica lufthamn ligg på Zetasletta og det same gjer eit aluminiumsverk som vert rekna som den verste forureiningskjelda på sletta.

Golubovci er den største busetnaden på Zetasletta som er senter i kommunen Golubovci som utgjer store delar av sletta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]