Podgorica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Podgorica
Flagget til Podgorica
Flagget til Podgorica
Styresmakter
Land
Montenegro
Grunnlagd Før 1000-talet
Borgarmeister Dr. Miomir Mugoša
Geografi
Flatevidd
 - By

1 441 km²
Innbyggjarar
 - By (2003)
   - folketettleik

136 473
  117/km²
Koordinatar 42°28′″N 19°17′″EKoordinatar: 42°28′″N 19°17′″E
Høgd over havet 44 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 81000
Telefon-retningsnummer 81
Bilnummer PG
Nettstad: www.podgorica.cg.yu
Plassering
Plassering av  Podgorica

Podgorica (kyrillisk Подгорица) er hovudstaden og den største byen i Montenegro. Byen vart tidlegare kalla Titograd.

Podgorica har om lag 135 000 innbyggjarar og ligg der elvane Ribnica og Morača renn saman og der dei frodige Zeta- og Bjelopavlićislettene møter kvarandre. Byen ligg berre nokre få titals kilometer frå både vinterskistadane i nord og feriestadane ved Adriahavet.

Kommunen Podgorica utgjer om lag 10,4 % av det totale arealet til Montenegro og 27,3 % av folkesetnaden. I tillegg til å vere det administrative senteret i Montenegro er Podgorica òg det viktigaste senteret for økonomi, kultur og handel.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Podgorica ligg sentralt i Montenegro i den nordlege delen av Zetasletta. Heile området der Podgorica ligg er kryssa av elvar og sjølve byen ligg berre 15 km nord for Shkodërsjøen. Elvane Morača og Ribnica renn begge gjennom byen, medan elvane Zeta, Cijevna, Sitnica og Mareza renn i nærleiken.

I motsetnad til det meste av Montenegro ligg byen i eit relativt flatt område, og det einaste unntaket er åsane som ligg rundt byen. Den største av desse er Goricaåsen som stig 107 meter opp og som har gjeve namn til byen. Av andre åsar finn ein Malo brdo («Litleåsen»), Velje brdo («Storeåsen»), Ljubović og Čardak. Desse er stort sett for bratte for busetnader.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Podgorica har eit typisk middelhavsklima med tørre og varme somrar og milde vintrar. Snø er særs sjeldan i byen. Han har ein årleg nedbørnormal på 1 544 mm og ein årleg middeltemperatur på 16,44 °C. 135 dagar av året har temperaturar over 25 °C. Podgorica er kjend for å få særs varme sommardagar og temperaturar over 40 °C er ikkje uvanleg i juli og august. Den høgaste temperaturen som er målt i Podgorica er 44,8 °C den 16. august 2007.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Podgorica ligg ved kryssingspunktet til fleire viktige vegar som førte ned elvedalane i området og ligg òg i eit låglandsområde med god dyrkbar mark og gode klimatiske tilhøve. Området har derfor vore busett sidan førhistorisk tid. Dei eldste funna høyrer til steinalderen. Etter kvart vart området busett av to illyriske stammer, kalla labeatearar og docleatar. Labeatarane hadde ei festning, Meteon (i dag Medun) og eit god utvikla levesett, særleg militært.

Docleatane var busett litt lenger nord i Zetadalen og på grunn av den frodige jorda og plasseringa langs viktige vegar opplevde dei rask økonomisk vekst. Deira største busetnad var Doclea, som ligg om lag 3 km nordvest for dagens Podgorica. På denne tida var dette ein storby med 8-10 000 innbyggjarar.

På byrjinga av 400-talet kom dei første slavarane og avarane til området då Romarriket var i ferd med å bryte opp. Etter kvart vart dei gamle byen forlatt og nye byar vart grunnlagd i området. Slaviske stammer i området var stadig i strid med austromarane og dei grunnla etter kvart ein eigen stat. Dei grunnla òg ein ny by ved elva Ribnica, som fekk same namn (må ikkje forvekslast med Ribnica i Slovenia). Ribnica vart først nemnd då den serbiske kongefamilien Nemanjići styrte her.

Namnet Podgorica vart først nemnd i 1326. Podgorica dreiv handel med Dubrovnik på denne tida via vegen som førte gjennom Trebinje og Nikšić. Sidan han låg der fleire handelsvegar kryssa kvarandre var Podgorica eit handelssenter med mange varer, handelsmenn, meldingar og passasjerar som førte til utvikling av dei økonomiske tilhøva, den militær styrken og gjorde byen strategisk viktig.

Det osmanske riket erobra Podgorica i 1474 stoppa denne utviklinga opp. Osmanarane bygde store festningsverk i Podgorica og busetnaden vart omvandla frå eit handelssenter til ein bastion for å forsvare stadige åtak frå opprørske stammer. Festningsbyen med alle tårna, portane og festningsvollane gjorde klarte å stå imot alle åtak. I 1864 vart Podgorica ein kommune (kaza) i İşkodra vilayet kalla Böğürtlen («Bjørnebær» på tyrkisk).

Etter Berlinerkongressen i 1878 vart Podgorica innlemma i Montenegro og fire hundre år under tyrkarane tok slutt. Byen utvikla seg relativt raskt og voks til eit handelssenter igjen.

Podgorica vart hardt råka under den andre verdskrigen og vart bombardert over 70 gonger. 4 100 innbyggjarar mista livet. Byen vart frigjeve 19. desember 1944.

Under namnet Titograd vart byen 13. juli 1946 hovudstad i Sosialistrepublikken Montenegro. Titograd utvikla seg raskt og vart ein kommersiell, samfunnsøkonomisk og kulturelt senter i Montenegro.

Då Jugoslavia braut saman vart byen omdøypt til Podgorica igjen den 2. april 1992.

Den øydeleggjande jugoslaviakrigane råka ikkje Montenegro direkte, men Podgorica og landet leid stort økonomisk. Først tidleg på 2000-talet utvikla økonomien seg igjen og Podgorica utvikla seg til ein vestlegorientert by. Podgorica vart hovudstad i den sjølvstendige staten Montenegro frå 3. juni 2006.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Podgorica

Kjelder[endre | endre wikiteksten]