Zhang Yimou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zhang Yimou ved Hawaii International Film Festival

Zhang Yimou (fødd 14. november 1951 i Xi'an i provinsen Shaanxi i Folkerepublikken Kina) er ein kinesisk skodespelar, filmfotograf og ein av dei mest kjende filmregissørane i Kina. Han vert rekna som ein av dei såkalla «femte generasjonsregissørar» i Folkerepublikken Kina. Han debuterte som regissør i Hóng Gāoliáng (Rød hirse, 1987). Han er òg kjent for å ha regissert kampsportsfilmen Hero med actionstjerna Jet Li i hovudrolla. Han fekk det internasjonale gjennombrotet sitt i 1990 med dramafilmen Ju Dou - Flammende begjær.

I 2008 redigerte Zhang Yimou opnings- og avslutningsseremoniane for Sommar-OL i Beijing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]