Sekularisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sekularisering er den prosessen som fjernar ein stat eller eit samfunn frå ein samfunnsmoral prega av ein viss religion og der befolkninga for det meste sluttar å vedkjenna seg ein religion med metafysiske drag.

Sekularisme er da primært den oppfatninga at politiske forhold bør diskuterast uavhengig av religion. Det er såleis ei sekularistisk haldning at stat og kyrkje bør skiljast åt, til fordel for begge, og religionane blir med det også formelt likestilte.

Sekularisme i skolesystemet inneber mellom anna at religionsundervisninga skal vere nøytralt formidlande snarare enn forkynnande og at biologiundervisninga skal ta utgangspunkt i den biologiske evolusjonsteorien. Og forskinga bør ifølgje sekularismen vere metodisk uavhengig av dei eventuelle religiøse overtydingane til forskarane.

Filosofisk inneber sekularismen at etiske og metafysiske spørsmål kan drøftast uavhengig av idéen om ein guddom.

Sekularismen har si rot i renessansen, da objekt og prinsipp frå spesielt antikken blei utforska empirisk og uavhengig av kyrkja sine dogme. Seinare tok delar av den politiske liberalismen og sosialismen utgangspunkt i ein sekularistisk stat. Sekularismen har til ein vis grad prega moderne statsoppfatningar generelt, ikkje minst i Frankrike, der ein sterk sekularisme er grunnlaget for den franske laïcité.

Sekularisme må ikkje forvekslast med ateisme, da sekularismen i og for seg er fullt foreinleg med religiøs tru. Der finst mange religiøse sekularistar. Det avgjerande er at politikk, etikk og erkjenning blir betrakta uavhengig av den religiøse trua, som blir rekna for eit reint personleg spørsmål.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Mellom anna den danske wikipediaen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]