Samfunn
Eit samfunn er ei gruppe individ som lever saman og deler institusjonar. Eit samfunn har som oftast ein felles kultur, felles tradisjonar og interesser. Ein familie er eit samfunn, ein klasse er eit samfunn og heile skulen er eit samfunn. Alle som bur i Noreg er saman i eit stort samfunn som me kallar storsamfunn. Det største samfunnet er verdssamfunn. Her er alle som bur på jorda medlem.
Sosiologar skil mellom fem ulike hovudtypar av samfunn eller samfunnsformasjonar, grupperte etter kva for ein produksjonsmåte som er den dominerande. Vanlegvis skil me mellom:
• Jeger – og sankarsamfunn
• Nomadesamfunn
• Enkle jordbrukssamfunn
• Plogsamfunn
• Industrisamfunn
Det er store kulturelle og materielle skilnadar mellom ulike samfunn. Dersom eit samfunn skal bestå, må nemleg visse oppgåver utførast. Oppgåvene tilfredstiller samfunnsmessige behov. Det er vanleg å dele oppgåvene inn i:
• Produksjon
• Rekruttering og sosialisering
• Kollektivt vern
• Erkjenning
• Styring