'Uyayna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 24°54′N 46°23′E
'Uyayna
landsby
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Riyad-provinsen
Koordinatar 24°54′N 46°23′E
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg

Al-'Uyayna (arabisk لعيينة) er ein landsby sentralt i Saudi-Arabia, kring 30 km nordvest for hovudstaden Riyadh. Al-Uyayna var fødestaden til Muhammed ibn Abd al-Wahhab. Følgjarane hans er kjend som salafiarar. I dag er Uyayna ein liten landsby og dannar i lag med nabolandsbyen al-Jubayla underguvernementa Al-Uyayna og Al-Jubayla, med eit samla folketal på 4 000. Begge er ein del av guvernement Dir'iyyah, som igjen ligg i Riyadh-provinsen.

Al-Uyayna ligg eit smalt, tørt elveleie kalla Wadi Hanifa, som held fram sørover gjennom Dir'iyyah og Riyadh. Området der Uyayna ligg var heimlandet til Musaylima, som hevda å vere ein profet etter Muhammed døydde i 632, og leia stamma si, Banu Hanifa, mot den muslimske erobringa av området. Slaget ved Yamama mellom Musaylima og den muslimske generalen Khalid ibn al-Walid skjedde i nærleiken og ein gravplass for dei falne, muslimske krigarane ligg nær landsbyen.

Uyayna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]