Riyadh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 24°38′N 46°43′E
Riyadh
by
none  Riyad om kvelden frå Al Faisaliyah-senteret med Kingdom-senteret i bakgrunnen.
Riyad om kvelden frå Al Faisaliyah-senteret med Kingdom-senteret i bakgrunnen.
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
høgd 612 moh
Koordinatar 24°38′N 46°43′E
Areal 1 300 km²
Folketal 5 700 000 (2010) [1]
Folketettleik 4 385 / km²
borgarmeister Abdullah bin Abdulrahman Almogbel
Guvernør i Riyadh-provinsen Faisal bin Bandar Al Saud
Tidssone AST (UTC+3)
 - Sommartid AST (UTC+3)
Retningsnummer +966-11
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Riyadh
Nettstad: www.arriyadh.com/eng/

Riyadh (arabisk الرياض, ar-Riyāḍ) er hovudstaden og den største byen i Saudi-Arabia. Han er òg hovudstad i Riyadh-provinsen og ligg i dei historiske regionane Najd og Al-Yamama. Byen ligg midt på Den arabiske halvøya på ei stor høgslette, og har 5,7 millionar innbyggjarar. Medrekna storbyområdet rundt byen bur det nær 7,3 millionar innbyggjarar her.

Byen er delt inn i 15 kommunale bydelar. Riyadh husar det største kvinneuniversitetet i verda, Prinsesse Nora bint Abdulrahman universitet.[2] Riyadh har status som ein global by.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

I før-islamsk tid var staden der byen ligg kalla Hajr (arabisk حجر), og skal ha blitt grunnlagd av stamma Banu Hanifa.[3] Hajr var hovudstaden i provinsen Al Yamamah, og frå her styrte guvernærane det meste av det sentrale og austlege Arabia under omajadane og abbasidane. Al-Yamamah braut ut av Abbasideriket i 866 og området kom under styret til ukhaydhirittane, som flytta hovudstaden frå Hajr til nærliggande Al Kharj. Byen hamna så i ei lang nedgangstid. På 1300-talet skreiv den nordafrikanske reisande Ibn Battuta om då han vitja Hajr, og skildra han som «hovudbyen i Al-Yamamah, og namnet er Hajr». Ibn Battuta skildra vidare kanalane og trea i byen og at dei fleste innbyggjarane høyrte til Bani Hanifa-stamma. Han skal ha reist vidare med leiaren deira til Mekka for hajj.

Seinare vart Hajr broten opp i fleire mindre busetnader og eigedomar. Den mest kjende av desse var Migrin (eller Muqrin) og Mi'kal, men namnet Hajr fortsette å dukke opp i lokale folkeviser. Den tidlegaste kjende referansen til området som Riyadh kom frå eit dokument frå 1600-talet som skildra ei hending her frå 1590. I 1737 tok Deham ibn Dawwas, ein flyktning frå nabobyen Manfuha, kontroll over Riyadh.[4] Ibn Dawwas bygde ein enkel mur kring dei forskjellige delane av Riyadh, og gjorde dei slik til ein enkel by att.

Dei tre saudiarabiske statane[endre | endre wikiteksten]

I 1744 danna Muhammed ibn Abdel Wahhab ein allianse med Muhammed ibn Saud, herskaren i den nærliggande byen Diriyah. Ibn Saud tok så til å erobre dei omliggande områda, for å bringe dei inn under styret til ein enkel, islamsk stat. Ibn Dawwas frå Riyadh ytte hard motstand, alliert med styrkar frå Al Kharj, Al Ahsa og Banu Yam-klanen frå Najran. Ibn Dawwas flykta og Riyadh kapitulerte til saudiarbarane i 1774, og enda fleire år med krig. Dette førte til opprettinga av Den første saudiarabiske staten med Riyadh som hovudstad.[4]

Den første saudiarabiske staten vart øydelagd av styrkar sende av Muhammed Ali av Egypt, som handla på vegner av Det osmanske riket. Osmanske styrkar raserte den saudiarabiske hovudstaden Diriyah i 1818.[4] Dei hadde heldt ein garnison i Najd. Dette markerte ein nedgang for huset Sa'ud for ein kort stund.[5] Turk bin Sa'ud vart amiren av saudiarane og var syskenbarn av Sau'd bin Sau'd. Han styrte i 19 år fram til 1834, og førte til ei forsterking av området, sjølv om dei framleis var underlagt Muhammed Ali, statthaldaren i Egypt.[5] I 1823 valte Turki ibn Abdallah, som grunnla Den andre saudiarabiske staten, Riyadh som den nye hovudstaden sin.[6] Etter attentatet på Turki i 1834, tok den eldste sonen hans, Faisal, livet av attentatsmannen og tok kontroll. Han nekta å bli kontrollert av statthaldaren av Egypt. Najd vart så invadert og Faisal vart teken til fange og ført til Kairo. Då Egypt vart sjølvstendig frå Det osmanske riket, rømde Faisal etter å ha sete fanga i fem år. Han kom attende til Najd og tok attende kontrollen, og regjerte fram til 1865.[5]

Etter Faisal døydde, var det rivarlisering mellom sønene hans, og dette vart utnytta av Muhammed bin Rashid som tok det meste av Najd, signerte ein avtale med Tyrkia og erobra Hasa i 1871. I 1889 fekk Abdul Rahman bin Faisal, den tredje sonen til Faisal igjen kontroll over Najd og styrte til 1891, før Muhammed bin Rashid igjen tok over kontrollen.[5]

Harde kampar mellom sønesønene til Turki førte ti at Den andre saudiarabiske staten fall i 1891 til den rivaliserande Al Rashid-klanen, som styrte frå den nordlege byen Ha'il. Al-Masmak-fortet er datert frå denne tida.[6]

Abdul Rahman bin Faisal Al-Saud søkte tilflukt hos eit stammesamfunn i utkanten av Najd og drog så i eksil til Kuwait med familien. SOnen hans, Abdul Aziz, tok igjen kontroll over Najd i 1902 og forsterka styret sitt i 1926 då han utvida kongedømet sitt til å dekke nesten «heile Den arabiske halvøya».[7] Han kalla kongedømet sitt Saudi-Arabia i september 1932[7] med Riyadh som hovudstad[8]. Kong Abdul Aziz døydde i 1953 og sonen Saud tok over.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1940-åra spreidde Riyadh seg utover frå ein relativt, smal og isolert by til ein vidstrekt metropol.[9] Då kong Saud kom til makta, hadde han som mål om å modernisere Riyadh og byrja å utvikle Annasriyyah, kongedistriktet i 1950.[9] Han følgde dømet frå amerikanske byar og nye busetnader og heile bydelar vart laga i eit rutenett og knytte hovudvegar til indre område. Rutenettet i byen vart introdusert i 1953.[9] Folkeveksten i byen frå 1974 til 1992 var i snitt 8,2 prosent i året.

Sidan 1990-åra har det vore ei rekkje terroriståtak mot lokale og utlendingar, i tillegg til demonstrasjonar mot kongefamilien. Den 13. november 1995 detonerte ei bilbombe utafor eit klasserom for den saudiarabiske nasjonalgarden, og seks personar omkom, medan over 60 vart såra.[10][11] Den 12. mai 2003 døydde 34 personar i eit sjølvmordsåtak mot amerikanske sivile. Den 8. november 2003 gjekk ein sjølvmordsbombar på ein lastebil av i bustadområde Muhiya der saudiarabarar og arabiske utlendingar tok ansvaret for å ta livet av 18 personag, medan 122 vart såra.[12] al-Qaida tok på seg skulda får åtaket.[12] Den 23. juni 2006 storma saudiarabiske tryggleiksstyrkar det dei meinte var ein gøymestad for al-Qaida i bydelen al-Nakhil. Det oppstod blodige kampar der seks ekstremistar og ein politimann mista livet.[13][14]

Geografi og kliam[endre | endre wikiteksten]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

Bathagata i Riyadh i Saudi-Arabia.

Riyadh er delt inn i femten underkommunar,[15] i tillegg til det diplomatiske kvarteret. Kvar underkommune er igjen delt inn i fleire bydelar, i alt 130, men somme av bydealne er delt mellom meir enn ein underkommune. Underkommunane er Al-Shemaysi, Irqah, Al-Ma'athar, Al-Olayya, Al-Aziziyya, Al-Malaz, Al-Selayy, Nemar, Al-Neseem, Al-Shifa, Al-'Urayja, Al-Bat'ha, Al-Ha'ir, Al-Rawdha og Al-Shimal («Nord»). Olaya-distriktet er det kommersielle hjartet i byen,[16] med hotell, underhaldning, restaurantar og shopping. Kingdom Center, Al Faisalyah og Al-Tahlya-gata er dei mest kjende landemerka. Sentrum av byen, Al-Bathaa og Al-Dirah, er òg den eldste delen.

Somme av hovudbydelane i Ryadh er:

  • Al-Bat'ha[17]
    • Al-Dirah (gamle Riyadh)
    • Mi'kal
    • Manfuha
    • Manfuha Al-Jadidah (منفوحة الجديدة – «nye Manfuha»)
    • Al-'Oud
    • Al-Mansorah
    • Al-Margab
    • Salam
    • Jabrah
    • Al-Yamamah
    • 'Otayyigah
  • Al-'Olayya & Sulaymaniyyah[18]
    • Al-'Olayya
    • Al-Sulaymaniyyah
    • Al Izdihar
    • King Fahd District
    • Al-Masif
    • Al-Murooj
    • Al-Mugharrazat
    • Al-Wurood
  • Nemar[17]
    • Nemar
    • Dharat Nemar
    • Tuwaiq
    • Hazm
    • Deerab
  • Det diplomatiske kvarteret


  • Al-Shemaysi[19]
    • Al-Shemaysi
    • Eleyshah
    • Al-Badi'ah
    • Syah
    • Al-Nasriyyah
    • Umm Sleym
    • Al-Ma'athar
    • Umm Al-Hamam (Aust)
  • Al-Ma'athar[20]
    • Al-Olayya
    • Al-Nakheel
    • Kong Saud universitet
    • Umm Al-Hamam (East)
    • Umm Al-Hamam (West)
    • Al-Ma'athar Al-Shimali («Nord Ma'athar»)
    • Al-Rahmaniyya
    • Al-Muhammediyya
    • Al-Ra'id
  • Al-Ha'ir[15]
    • Al-Ha'ir
    • Al-Ghannamiyyah
    • Uraydh
  • Al-'Aziziyyah[21]
    • Ad Dar Al Baida
    • Taybah
    • Al Mansouriyah


  • Al-Malaz[22]
    • Al-Malaz
    • Al-Rabwah
    • Jarir
    • Al-Murabba'
  • Al-Shifa[23]
    • Al-Masani'
    • Al-Shifa
    • Al-Mansuriyya
    • Al-Marwah
  • Al-Urayja[24]
    • Al-Urayja
    • Al-Urayja Al-Wusta («Midt-Urayja»)
    • Al-Urayja (Vest)
    • Shubra
    • Dharat Laban
    • Hijrat Laban
    • As-Suwaidi
    • As-Suwaidi (Vest)
    • Sultanah


  • Al-Naseem[26]
    • Al-Naseem (Aust)
    • Al-Naseem (Vest)
    • As-Salam
    • Al-Manar
    • Al-Rimayah
    • Al-Nadheem
    • Al-Rayyan
  • Al-Rawdhah[15]
    • Al-Rawdhah
    • Al-Qadisiyah
    • Al-M'aizliyyah
    • Al-Nahdhah
    • Gharnatah (Granada)
    • Qortubah (Cordoba)
    • Al-Hamra
    • Al-Qouds
  • Al-Selayy[27]
    • Al-Selayy
    • Ad Difa'
    • Al Iskan
    • Khashm Al-'Aan
    • Al-Sa'adah
    • Al-Fayha
    • Al-Manakh
  • Kong Abdullah finansdistrikt

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i byen er klassifisert som varmt ørkenklima (Köppen: BWh), og temperaturane om sommaren vert ekstremt høge. Den normale maksimumstemperaturen i august er 43,6 °C. Vintrane er varme, med kjølige, vindfulle netter. I alt er klimaet tørt og byen får særs lite regn, særleg om sommaren, men kan få noko regn i mars og april. Byen er òg kjend for å få mange sandstormar. Støvet er ofte så tjukt at sikta er under 10 meter. I april 2015 råka ein massiv sandstorm Riyadh og førte til at mange skular vart stengde og hundrevis av flyavgangar vart kansellerte.

Klimadata for Riyadh
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 31.5 34.8 38 42 45.1 47.2 48 47.8 45 41 38 31 48
Normal maks. temp. °C 20.2 23.4 27.7 32.4 38.4 41.5 42.5 42.2 40.4 34.5 27.3 22.0 32 71
Døgnmiddeltemp. °C 14.4 16.3 21.4 25.9 31.0 34.0 35.0 34.7 32.5 26.4 21.0 16.0 25 72
Normal min. temp. °C 8.4 10.4 14.5 19.4 23.9 25 27.0 26.2 23.9 18.2 14.0 9.6 8,4
Kulderekord °C -2.2 0.5 4.5 11 18 16 23.6 22.7 16.1 14 7 1.4 -2,2
Nedbør (mm) 11.9 6.4 21 23.8 4.9 0 0 0.4 0 0.8 8.7 14.6
relativ fukt 47 36 32 28 17 11 10 12 14 20 36 47 25,8
Normale månadlege solskinstimar 212.4 226.6 219.8 242.3 287.7 328.2 332.1 309.2 271.6 311.4 269.2 214.3 3 224,8
Kjelde: «Jidda Regional Climate Center South West Asia». http://jrcc.sa/climate_data_observatory_sa.php.  [28]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Historiske folketal
År Folketal ±%
1918 18 000
1924 30 000 +66.7%
1944 50 000 +66.7%
1952 80 000 +60.0%
1960 150 000 +87.5%
1972 500 000 +233.3%
1978 760 000 +52.0%
1987 1 389 000 +82.8%
1992 2 776 000 +99.9%
1997 3 100 000 +11.7%
2009 4 873 723 +57.2%
2013 5 899 528 +21.0%

Folketalet i byen var 40 000 i 1935 og 83 000 i 1949.[29] Byen har vokse særs raskt, frå 150 000 innbyggjarar i 1960-åra til over fem millionar i nyare tid. I folketeljinga i 2010 bestod folkesetnaden i byen av 65 % saudiarabiske familiar , medan resten av ikkje-saudiarabiske.[30]

Landemerke og arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonell arkitektur i Gamle Riyadh[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen i Riyadh innafor bymurane var ikkje større enn 1 km2, så særs få viktige arkitektoniske element få den originale oasebyen finst i dag. Det mest tydelege er Masmak-fortet og somme delar av den originale bymuren, der ein port er restaurert og rekonstruert. Det finst òg fleire tradisjonelle leirsteinshus innafor gamlebyen, men dei er i stor grad forfalne.

Utvidinga av byen utafor bymurane gjekk treigt til å byrje med, men det var nokre mindre oasar og busetjingar kring Riyadh. Den første store utbygginga utafor murane var Murabba-palasset til kong Abdulaziz. Det vart bygd frå 1936 til 1938 og ein hushaldning på 800 menneske flytta inn i 1938. Palasset er i dag ein del av eit større kompleks kalla «Kong Abdul Aziz historiske senter».

Det er andre tradisjonelle landsbyar og byar i området kring den tradisjonell Riyadh, som den urbane utvidinga har vokse rundt. Desse er mellom andre Diriyah, Manfuha og Wadi Laban. I motsetnad til dei tidlege åra, då utviklinga av Riyadh ikkje tok omsyn til dei gamle bygningane, som vart rivne ned, er set ein i dag pris på å ta vare på tradisjonell arkitektur. Det saudiarabiske rådet for turistme og antikvitetar prøver å revitalisere den historiske arkitekturen i Riyadh og andre delar av landet.[31]

Riyadh er stort sett ein låg by utan eit virrvar av skyskraparar. Det er likevel to skyskraparar som er kjende for den flotte arkitekturen, Al Faisaliyah Tower og Kingdom Tower.[32]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Kong Fahd internasjonale stadion.

Fotball er den mest populære idretten i Riyadh. Byen har fire store fotballklubbar. Al-Hilal, som er den mest populære klubben i Saudi-Arabia, vart skipa i 1957 og har vunne tretten meisterskap i den saudiarabiske eliteserien.[33] Al-Nasr er eit anna lag i den øvste divisjonen med mange fans kring landet. Han vart skipa i 1955 og har vunne serien sju gonger. Ein annan kjend klubb er Al Shabab, som vart grunnlagd i 1947 og har seks meisterskap. Den siste er Al-Riyadh Club, som vart skipa i 1954. I tillegg finst det fleire mindre klubbar.[34]

Byen har òg fleire store stadion, som Kong Fahd internasjonale stadion med setekapasitet til 70 000.[34] Stadionet har vore verstskap for FIFA Confederations Cup tre gonger, i 1992, 1995 og 1997. Det har òg vore vertskap for verdsmeisterskapen i fotball for U-20 i 1989.[34]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riyadh stasjon.

Flyplass[endre | endre wikiteksten]

Kong Khalid internasjonale lufthamn ligg 35 kilometer nord for sentrum av byen og er hovudflyplassen til byen. Han tener over 17 millionar passasjerar i året.[35] Planane er å utvide flyplassen til å ta hand om 35 millionar passasjerar, sidan den noverande berre var bygd for å ta hand om 12 million i året.[35]

Vegar[endre | endre wikiteksten]

Byen har eit moderne motorvegsystem. Den austlege ringvegen knyter sørlege og nordlege delar av byen saman, medan den nordlege ringvegen knyter dei austlege og vestlege delane av byen saman. Kong Fahd-vegen går gjennom sentrum av byen frå nord til sør [36] parallelt til den austlege ringvegen. Mekka-vegen går gjennom sentrum av byen frå aust til vest. Saudi Railway Authority driv to passasjer- og transportlinjer mellom Riyadh og Dammam og går gjennom Hofuf og Haradh.

Jernbane og metro[endre | endre wikiteksten]

To framtidige jernbaneprosjekt skal knyte saman Riyadh med Jidda og Mekka i vest og Buraidah, Ha'il og det nordlege Saudi-Arabia.[37] Ein metro er òg godkjend og seks linjer er planlagt opna i 2019.[38]

Media[endre | endre wikiteksten]

Det 170 meter høge Riyadh TV-tårn vert driven av informasjonsdepartementet og vart bygd mellom 1978 og 1991. Dei nasjonale saudiarabiske fjernsynskanalane Saudi TV1, Saudi TV2, Saudi TV Sports, Al-Ekhbariya, ART channels network vert drivne frå her.[39] Fjernsynssendingane er hovudsakleg på arabisk, men somme radiosendingar er på engelsk eller fransk. Riyadh har fire arabiskspråklege aviser; Asharq Al-Awsat (som er eigd av guvernøren i byen), Al-Riyadh, Al-Jazeera og Al-Watan, to engelskspråklege aviser; Saudi Gazette og Arab News, og ei malayalamspråkleg avis, Gulf Madhyamam.[39]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Population». Statistical Yearbook 47 (2011). Central Department of Statistics & Information. http://www.cdsi.gov.sa/yb47/Pages/MixChapter2.htm. Henta 15. november 2013. 
  2. Miller, David. «Saudi-Arabia opens world's largest women's university». The Jerusalem Post. http://www.jpost.com/MiddleEast/Article.aspx?id=220949. Henta 17. januar 2012. 
  3. Sonbol 2012, s. 99.
  4. 4,0 4,1 4,2 Cybriwsky 2013, s. 258.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Farsy 1990, s. 14.
  6. 6,0 6,1 The Report: Saudi-Arabia 2008. Oxford Business Group. s. 208. ISBN 978-1-902339-00-9. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/books?id=gMPjxHzG1xQC&pg=PA208. 
  7. 7,0 7,1 Farsy 1990, s. 15.
  8. Facey 1992, s. 271.
  9. 9,0 9,1 9,2 Elsheshtawy 2008, s. 124.
  10. Sloan & Anderson 2009, s. 605.
  11. «Ambassador: Car bomb destroyed military building». CNN. 13. november 1995. http://edition.cnn.com/WORLD/9511/saudi_blast/11am/. Henta 25. mai 2016. 
  12. 12,0 12,1 Sloan & Anderson 2009, s. 606.
  13. Craze 2009, s. 41.
  14. MEED. Economic East Economic Digest, Limited. s. 3. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/books?id=4uhHAAAAYAAJ. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 «Interactive Map of Riyadh's branch municipalities» (på arabisk). Riyadh Municipal Government. https://www.alriyadh.gov.sa/en/riyadh/riyadhmunic/Pages/home.aspx. 
  16. MEED. Economic East Economic Digest, Limited. s. 4. Arkivert frå originalen.. http://books.google.com/books?id=8-NHAAAAYAAJ. 
  17. 17,0 17,1 «Al-Bat'ha». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/Page.aspx?Type=8&pageobjectid=1093. Henta 26. mai 2016. 
  18. «Nemar». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/Page.aspx?Type=8&pageobjectid=303. Henta 26. mai 2016. 
  19. «Al-Shemaysi». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/page.aspx?Type=8&PageObjectId=275. Henta 26. mai 2016. 
  20. «Al-Ma'athar». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/Page.aspx?Type=8&pageobjectid=305. Henta 26. mai 2016. 
  21. «Al-Aziziyya». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/Page.aspx?Type=8&pageobjectid=766. Henta 26. mai 2016. 
  22. «Al-Malaz». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/Page.aspx?Type=8&pageobjectid=304. Henta 26. mai 2016. 
  23. «Al-Shifa». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/Page.aspx?Type=8&pageobjectid=1088. Henta 26. mai 2016. 
  24. «Al-'Urayja». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/Page.aspx?Type=8&pageobjectid=1314. Henta 26. mai 2016. 
  25. «Al-Shemal». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/Page.aspx?Type=8&pageobjectid=1099. Henta 26. mai 2016. 
  26. «Al-Naseem». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/Page.aspx?Type=8&pageobjectid=1080. Henta 26. mai 2016. 
  27. «Al-Selayy». Riyadh Municipal Government. http://www.alriyadh.gov.sa/amanat/web/pages/Page.aspx?Type=8&pageobjectid=265. Henta 26. mai 2016. 
  28. «Surface annual climatological report». PME. http://jrcc.sa/reports_files/1985_2010Reports/Riyadh-Air-Base.RTF. 
  29. Elsheshtawy 2008, s. 122.
  30. «Riyadh City». Saudi-Arabia- Ministry of Interior. http://www.riyadh.gov.sa/en/pages/riyadhcity.aspx. Henta 2014-04-09. 
  31. http://www.scta.gov.sa/en/Pages/default.aspx
  32. Jordan 2011, s. 98.
  33. «Al Hilal (Riyadh)». Soccerway.com. http://uk.soccerway.com/teams/saudi-arabia/al-hilal-riyadh/. Henta 25. mai 2016. 
  34. 34,0 34,1 34,2 «Sports». Riyadh.com. http://www.riyadh.com/Page/Sport/33/. Henta 25. mai 2016. 
  35. 35,0 35,1 «Expansion to up Riyadh airport capacity to 35 m». Arab News. http://www.arabnews.com/news/452856. Henta 24. november 2013. 
  36. Ham 2004, s. 81.
  37. «Mekka-Madinah train set to roll by January 2014». Arab News. http://www.arabnews.com/makkah-madinah-train-set-roll-january-2014. Henta 24. november 2013. 
  38. Four consortia prequalify for Riyadh metro contract, Railway Gazette International, 3. august 2012, http://www.railwaygazette.com/news/urban-rail/single-view/view/four-consortia-prequalify-for-riyadh-metro-contract.html 
  39. 39,0 39,1 «Media». Riyadh.com. http://www.riyadh.com/Page/Media/34/. Henta 25. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Riyadh