Áššu
Áššu | |
Type | 2 gonger i veka |
---|---|
Format | Litt mindre enn tabloid |
Første trykk | 2002 |
Målform | Nordsamisk |
Regionavis for | Sápmi |
Lokalavis for | Kautokeino |
Eigarskap | Sámi Aviisa AS |
Opplag | Om lag 1 021 (2005) |
Stad | Kautokeino |
Ansvarleg redaktør | Ante Bals (2006) |
Nettstad | http://www.finnmark.net/assu (virkar ikkje) |
Áššu er ei tidlegare samiskspråkleg avis som fram til februar 2008 kom ut i Kautokeino to gonger i veka. Ho vart starta opp for å vere ein motvekt til den dåverande monopolisten Min Áigi, og også for å gjere Kautokeino meir synleg på det samiske pressekartet ved å få pressevinklinga derifrå. Dekningsområdet var heile det samiske området i Noreg, Sverige og Finland.
I ein periode trykte avisa korte samandrag av kvar artikkel på norsk, men denne praksisen gjekk dei etter kvart bort i frå.
Avisa blei gjeven ut av Sámi Aviisa AS som er eigd av Nordavis AS (35,0%), Norske Samers Riksforbund (32,5%) og Norske Reindriftssamers Landsforbund (32,5 %).
Samanslåing: Ávvir[endre | endre wikiteksten]
På ein pressekonferanse 15.8.2007 la Áššu og Min Áigi fram planar om å slå seg saman til ei samisk dagsavis, Ávvir. Den nye avisa erstatta dei to gamle på Samefolkets dag, 6. februar 2008.
Opplag[endre | endre wikiteksten]
- 2002: 1 129
- 2003: 1 117
- 2004: 1 084
- 2005: 1 021
- 2006: 975
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Áššu
- Planar om samanslåing med Min Áigi
Denne medieartikkelen som har med samisk å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.