Norske Samers Riksforbund
Norske Samers Riksforbund (fork. NSR, nordsamisk Norgga Sámiid Riikkasearvi, lulesamisk Vuona Sámij Rijkasiebrre sørsamisk Nøørjen Saemiej Rijhkesiebrie) er den største samiske organisasjonen i Noreg. Organisasjonen stiller vallister ved Sametingsval og har lenge samarbeidd med Samefolkets parti og Samepolitisk Råd i Senterpartiet politisk.
NSR blei stifta 30. november 1968, men historia til organisjonen går lengre tilbake. Den første sameforeininga på norsk sida blei stifta allereie i 1906, to år etter Elsa Laulas manande appell frå 1904 og den første foreininga på svensk side. NSR blei grunnlagd som eit samband av dei lokale sameforeiningane i Finnmark og Oslo Sámiid Searvi. NSR stod sentralt i kampen mot utbygging av Alta-Kautokeino vassdraget. Dei tre første presidentane til det norske Sametinget, Ole Henrik Magga, Sven-Roald Nystø og Aili Keskitalo, har komme frå NSR. Per november 2021 er Vidar Andersen konstituert leiar i NSR. NSR har hovudsekretariatet i Guovdageaidnu/Kautokeino.
Liste over leiarar[endre | endre wikiteksten]
- Vidar Andersen (konst.) 2021–
- Runar Myrnes Balto 2018–2021
- Beaska Niillas: 2014–2018
- Gunn-Britt Retter (konst.): 2013–2014
- Aili Keskitalo: 2008–2013
- Silje Karine Muotka: 2006–2008
- Martin Urheim (konst.): 2005–2006
- Aili Keskitalo: 2003–2005
- Klemet Erland Hætta: 2001–2003
- Jánoš Trosten: 1998–2001
- Geir Tommy Pedersen (konst.): 1997–1998
- Sven-Roald Nystø: 1995–1997
- Nils Thomas Utsi: 1991–1995
- Ragnhild Lydia Nystad: 1985–1991
- Ole Henrik Magga: 1980–1985
- Odd Ivar Solbakk: 1979–1980
- Peder Andersen: 1976–1979
- Odd Mathis Hætta: 1974–1976
- Regnor Solbakk: 1971–1974
- Johan Mathis Klemetsen: 1969–1971