Min Áigi
Min Áigi | |
Type | To gonger i veka |
---|---|
Format | Tabloid |
Oppretta | 1993 |
Første trykk | 22. mai 1993 |
Opphald i produksjonen | 2008 |
Nedlagd | 2008 |
Språk | nordsamisk |
Eigarskap | Finnmark Dagblad, Karasjok kommune, Norske Samers Riksforbund, Samenes Landsforbund, Davvi Girji, lokale sameforeiningar og einskildaksjonærar |
Opplag | 1 179 (2005) |
Redaksjonskontor | Finlandsveien 14 |
Postnummer | 9730 |
Stad | Karasjok |
Ansvarleg redaktør | Svein Nordsletta |
Nettstad | www.minaigi.no |
Min Áigi («Vår tid») er ei tidlegare samiskspråkleg avis som dekte samisk kultur og samfunnsliv. Ho kom ut to gonger i veka, og hadde redaksjon i Karasjok. Min Áigi hadde lokalkontor i Tana, Kautokeino og Jokkmokk, og marknadsavdeling i Lakselv.
Min Áigi var eit framhald av den samiske avisa Sámi Áigi, som gjekk konkurs i mars 1993. Ho vart etablert i 1993, første nummer kom ut 22. mai 1993. Sjølv om redaksjonen og dei fleste abonnentane var i Noreg, ønskte Min Áigi som visjon å bli ei «allsamisk» avis for samar i alle dei nordiske landa.
Finnmark Dagblad i Hammerfest var hovudeigar gjennom eigarselskapet Min Áigi AS. Andre eigarar var mellom anna Karasjok kommune, Norske Samers Riksforbund (NSR), Samenes Landsforbund (SLF) og Davvi Girji.
Samanslåing til Ávvir[endre | endre wikiteksten]
På ein pressekonferanse 15. august 2007 la Áššu og Min Áigi fram planar om å slå seg saman til ei samisk dagsavis.[1] Namnet på den nye avisa blei Ávvir (etter eit framlegg av Láilá Susanne Vars, namneframlegget vart publisert i Min Áigi og Áššu 18. januar 2008). Første utgåva av Ávvir kom på Samefolkets dag, 6. februar 2008.
Opplag[endre | endre wikiteksten]
- 2002: 1 197
- 2003: 1 072
- 2004: 1 211
- 2005: 1 179
- 2006: 1 177
- 2007: 1 104:[2]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ NRK Sámi Radio: «Samiske aviser slås sammen», NRK.no
- ↑ «Avisenes leser- og opplagstall for 2007» Arkivert 2011-07-17 ved Wayback Machine. fra Mediebedriftenes Landsforening, publisert 14. februar 2008