Ákhna
Utsjånad
| Ákhna Άχνα Düzce | |
|---|---|
| Land Distrikt |
Ammókhostos |
| Innbyggjarar[1] • By (2021) |
2 182 |
| Koordinatar | 35°3′19″N 33°47′4″E / 35.05528°N 33.78444°E |
| Høgd | 46 m |
| Tidssone | UTC+2 (UTC) |
|
| |
Ákhna (gresk Άχνα, tyrkisk Düzce) er ein distriktsby på Kypros og ein lokalstyrt busetnad i distriktet Ammókhostos i Republikken Kypros.[2]
Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 var busetnaden utanfor kontroll frå styresmaktene og vart fråflytta. Innbyggjarane budde først som flyktningar i ein teltleir nær den opphavlege landsbyen. Seinare vart det bygd opp ein ny landsby i Ákhnaskogen, Dasáki tis Ákhnas (gresk Δασάκι της Άχνας), innanfor det britiske baseområdet Dekélia, berre nokre hundre meter frå den gamle landsbyen.[3]
Ved folketeljinga i 2021 hadde den nye busetnaden 2 182 innbyggjarar,[1] mot 2 087 innbyggjarar i 2011.[4]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Folketeljing Kypros 2021» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 21. juni 2025. Henta 28. august 2025.
- ↑ «Oversyn over kommunar og busetnader» (på gresk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 4. juni 2016. Henta 17. september 2023.
- ↑ PRIO: Rapport om internt fordrivne på Kypros
- ↑ «Folketeljing Kypros 2011» (på engelsk). CYSTAT. Arkivert frå originalen 17. september 2023. Henta 17. september 2023.

