Distrikt på Kypros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Distrikta på Kypros)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit distrikt (gresk επαρχία, eparkhía, tyrkisk kaza) utgjer ei administrativ inndeling av Republikken Kypros. Det er seks distrikt[1] som igjen er delte inn i 39 kommunar[2] og 485 lokalstyrde busetnader.[3]

Kart som viser distrikta på Kypros
  1. Levkosía
  2. Kerýnia
  3. Ammókhostos
  4. Lárnaka
  5. Lemesós
  6. Páfos

Dei to britiske militærbasane Akrotíri og Dekélia i sør og søraust er Britiske oversjøiske territorium.[4]

Etter den tyrkiske invasjonen i 1974 har den nordlege delen av øya vore utanfor kontroll frå styresmaktene, frå 1983 administrert av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros. Det gjeld heile distriktet Kerýnia, det meste av distriktet Ammókhostos, ein stor del av distriktet Levkosía og ein liten del av distriktet Lárnaka, i alt ni kommunar og 135 lokalstyrde busetnader.[3][5]

Mellom dei områda som er kontrollerte av republikken Kypros, og dei områda som er administrerte av Nord-Kypros, er det ein buffersone som er kontrollert av FN, ofte kalla «den grøne linja».

Referansar[endre | endre wikiteksten]