Ára

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ára
OpphavSverige
Aktiv2009–

Ára er eit svensk, samisk band skipa i 2009, som syng på nordsamisk.[1][2] Medlemene i gruppa kjem frå ulike stader i Sverige, og den einaste samiske medlemen er Simon Issát Marainen som kjem frå Nedre Soppero i Kiruna kommun.[2]

Det fyrste albumet deira, O – også kalla Ára – kom ut i 2010.[3] Der var den samiske artisten Sofia Jannok med som gjestesongar. Sidan har dei gjeve ut Vuoste virdái i 2014 og Girkásit i 2017. Vuoste virdái er laga for å heidre 60- og 70-talsgenerasjonen, som byrja å lære borna sine samisk att.[4] Girkásit er laga til minne om dei to brørne til Marainen som omkom i ei ulukke i 2014, og vart produsert av Georg Buljo.[2]

Medlemer[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Issát Marainen (joik og vokal)
  • Axel Olle Sigurd Andersson (gitar og tangentar)
  • Frida Johansson (tangentar, fiolin og vokal)
  • Johan Asplund (trompet, flygelhorn og vokal)
  • Daniel Wejdin (kontrabass)
  • Christian Augustin (trommer og klarinett)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • O (2010)
  • Vuoste virdái (2014)
  • Girkásit (2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eira, Berit Marie Lise. (9. april 2014). Deaivvadit guhkesbearjadaga. I Ávvir, s.7. (nordsamisk).
  2. 2,0 2,1 2,2 Helander, Astrid. (21. januar 2017). Morašis čuovgasat guvlui. I Ávvir, s. 7. (nordsamisk).
  3. Guttorm, Inga Marie. (22. oktober 2010). Simmon Issát almmuhan ođđa CD: «ÁRA joavkkuin». I Ávvir, s. 7. (nordsamisk).
  4. Swart-Donders, Karin. (13. august 2014). Huskyfárbma ávvudii beaivvádagas. I Ávvir, s. 9. (nordsamisk).