Sofia Jannok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sofia Jannok
Sofia Jannok EM1B1384 (35112111676).jpg
Fødd15. september 1982 (40 år)
FødestadArvidsjaurs församling
FødenamnBrita Maret Sofia Jannok
OpphavSverige
Aktiv1993–
SjangerJoik
Instrumentvokal
Verka somsongar, programleiar, songar og låtskrivar
PrisarPrins Eugens Kulturpris, Sami Music Awards, Áillohaš musikkpris, Ulla Billquist-stipendiet, honorary doctor of Luleå University of Technology, Evert Taube-stipendet, Gevaliapriset, Samerådets ærespris

Sofia Jannok (fødd 15. september 1982) er ein svensk samisk artist, songar, låtskrivar, reineigar, skodespelar og radioprogramleiar. Ho syng vanlegvis på nordsamisk og joikar. Popmusikken hennar er ei blanding av ulike musikkstilar, som visesong, jazz og jojk. Ho syng oftast på nordsamisk, men skriv òg songar på både svensk og engelsk. Sofia Jannok har sidan budd 2011 tildels i Umeå og tildels i Rävudden, Luokta-Mávas sameby.

Karriere i musikk og media[endre | endre wikiteksten]

Sofia Jannok var tidlegare saman med Anna Kärrstedt i duoen Sofia och Anna. Ho opptredde i pausen i Melodifestivalen 2009 med låten Waterloo på samisk («Čáhcceloo»). 30. juni 2009 var ho sommarpratar i Sveriges Radio P1, og dagen etter, den 1. juli, var ho med i SVT sitt program frå Skansen i Stockholm om innviinga av Sverige si leiing av EU. Ved opninga av Riksmötet i Riksdagshuset i Stockholm 15. september 2009 framførte ho «Samelands vidder». Saman med Mariela Idivuoma var ho programleiar ved musikfestivalen Liet-Lávlut 2006. Jannok leidde programserien Mailbmi – små folk stor musik i Sveriges Radio P2. 23.–30. mai 2010 opptredde Jannok i Kina på barar og klubbar, mellom anna i Shanghai og Beijing. 4.–5. juni 2010 deltok Jannok i Talvatisfestivalen i Jokkmokk.[1] Sofia Jannok er blitt nominert to gonger til «Grammis».[2][3]

Aktivisme[endre | endre wikiteksten]

Jannok i 2018

Som offentleg person har Jannok fleire gonger tatt standpunkt i sosiale medium mot etableringa av gruvenæring i Sameland, og dessutan arbeidd for miljøsak i ulike samanhengar.[4][5][6] Ho deltok på klimakonferensen COP 21 i Paris i 2015,[7] både som offisiell deltakar[8] og som demonstrant.[9]

Under innviinga av kulturhovudstadåret i Umeå 2014 gjennomførte Jannok ein antirasistisk appell saman med Cleo og Kristin Amparo før dei framførte låten «Faller en, faller alla». Som ein del av sceneuttrykket hadde dei med seg antifascistiske aktivistar med bodskapen «Free Joel», som sikta til ein person som blei arrestert og dømd for drapsforsøk og valdelege opptøyar i samband med antirasistiske demonstrasjonar i Kärrtorp i 2013.[10][11][12][13]

Sofia Jannok var med i den fransk-svenske TV-serien Midnattssol frå 2016 og i SVT-serien Världens Sofia Jannok frå 2016.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album

  • 2000 - Dál Juovlla Čuovggaid Cahkkehit (Anna Kärrstedt, Åsa Blind, Sofia Jannok)
  • 2007 - White = Ceaskat
  • 2009 - Áššogáttis
  • 2013 - ÁHPI (Wide as Oceans)
  • 2016 - ORDA - This Is My Land
  • 2021 - Lávv U

EP

  • 2020 - Vacker Dálvi

Singlar

  • 2000 - «Du Calmmit» = Your Eyes / «Rievssat» = White Grouse (Anna Kärrstedt & Sofia Jannok)
  • 2008 - «Áššogáttis» = By The Embers / «Golle Máze» = Golden Maze

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Talvatisfestivalen, arkivert frå originalen 2014-06-04, henta 30. april 2022 
  2. «Nominerade 2010 | Grammis». grammis.se (på svensk). Henta 12. april 2016. 
  3. «Nominerade 2014 | Grammis». grammis.se (på svensk). Henta 12. april 2016. 
  4. «Klimatfrågan i fokus när ”Musikhjälpen” inleds - DN.SE» (på svensk). DN.SE. Henta 12. april 2016. 
  5. «Naturskyddsföreningen - Där borta drunknar isbjörnen, här hemma svälter renen». egeninsamling.naturskyddsforeningen.se. Arkivert frå originalen 2016-04-21. Henta 12. april 2016. 
  6. «Öppna vidders kraft». Naturskyddsföreningen. Henta 12. april 2016. 
  7. Howard, Emma (27. november 2015). «Why we are joining the global climate march – interactive» (på engelsk). The Guardian. ISSN 0261-3077. 
  8. «Who speaks up for the Sami people in Paris?». The Independent Barents Observer. Henta 12. april 2016. 
  9. «Indigenous Peoples Take Lead At D12 Day Of Action In Paris – Official Response To COP21 Agreement | Indigenous Rising». Indigenous Rising. Henta 12. april 2016. 
  10. Nyheter 24: Vänsterextremist dömd för mordförsök på nazist i Kärrtorp
  11. SVT: Vänsteraktivister bakom många våldsdåd
  12. Umeå 2014: Cleo, Sofia Jannok, Kristin Amparo
  13. Umeå 2014: Hiphop och Jojk invigde vårvintern