Åge Ramberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åge Ramberg
Fødd 28. september 1921
Død 24. august 1991
Parti Kristeleg Folkeparti

Åge Ramberg (28. september 192124. august 1991) var ein norsk skulemann og politikar frå Larvik i Vestfold. Han representerte Vestfold og Kristeleg FolkepartiStortinget i til saman tolv år.

Far til Ramberg var tilsett i Norges Statsbaner. Sjølv vart han student i 1941 og tok cand.real.-eksamen ved Universitetet i Oslo i 1948 med matematikk som hovudfag. Skuleåret 1948/49 var han lektor i Sarpsborg. Sidan hadde tilsvarande stillingar ved Porsgrunn gymnas i ti år til 1959, og der etter ved Sandefjord gymnas til 1985.

Ramberg var medlem i Porsgrunn bystyre 1952-1959. Valperioden 1964-67 var han med i formannskapet i Sandar kommune. Etter kommunesamanslåing var han medlem i Sandefjord formannskap frå 1968 til -1973. Hausten 1973 vart han vald til stortingsrepresentant frå Vestfold og for Kristeleg Folkeparti. Han vart attvald i 1977, men rauk ut or Stortinget i 1981 då Kristeleg Folkeparti mista sitt mandat i fylket. Derimot lukkast Ramberg å kome inn att for ein ny fireårsperiode gjennom stortingsvalet 1985. På stortinget var Ramberg 1973-77 medlem i Sosialkomiteen, 1977-81 formann i Administrasjonskomiteen og 1985-89 medlem i Forsvarskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]