Ålfotfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ålfoten

Ålfotfjorden eller Ålfoten er ein fjordarm av Nordfjord i Bremanger kommune i Vestland. Fjorden strekkjer seg 8,5 km vest og sørvestover forbi bygda Ålfoten og inn til grenda Førde (Føre).

Fjorden har innløp mellom Hjelteneset i nord og Gjegnalunden i sør. Nord for Hjelteneset ligg Isefjorden, medan Hundvikfjorden held fram austover.

Grenda Vik ligg på nordsida eit stykke inn i fjorden og nokre kilometer lenger vest ligg Myklebust og Sigdestad. Ved Svinevika smalnar fjorden inn og på andre sida ligg Førdespollen (Førspollen), den inste delen av fjorden. Inst i fjorden her ligg grenda Førde (Føre) og Åskåra kraftverk.

Riksveg 614 går på nordsida av fjorden. Ålfotbreen ligg eit stykke lenger sørvest.