Åsgard transport
Utsjånad
| Åsgard transport | |
|---|---|
| Type | Rikgass |
| Operatør | Gassco |
| Teknisk driftsansvarleg | Statoil |
| Driftstart | 2000 |
| Geografi | |
| Land | |
| Går frå | Norskehavet
|
| Går til | Kårstø |
| Teknisk | |
| Lengd | 707 km |
| Kapasitet | ca. 25 mrd. m³/år |
| Eigarar | |
| Åsgard: Gassled og Fluxys Norne: Norne Gas Transport System | |
Åsgard transport er ein gassrøyrleidning som går frå naturgassfelta i Norskehavet til Kårstø i Rogaland. Røyrleidninga transporterer rikgass frå dei Statoil-opererte felta Njord, Åsgard, Heidrun, Kristin og Norne, samt det Shell-opererte Draugenfeltet. Røyrleidninga har ei lengd på 707 km, inkludert 126 km med Norne gasstransportsystem. Åsgard transport kom i drift i 2000 og vart i 2001 knytt til Norne.
Røyrleidninga kan transportere om lag 25 milliardar kubikkmeter gass i året, medan 3,6 milliardar kubikkmeter gass kjem frå Norne. Operatør på røyrleidninga er Gassco, medan Statoil er teknisk ansvarleg.
Etter prosesseringa på Kårstø vert tørrgassen transportert vidare gjennom transportleidningar i Nordsjøen til forbrukarar i Europa.