Kristinfeltet
Kristinfeltet | |
---|---|
Informasjon | |
Operatør | Equinor |
Produksjon | Gass, kondensat og rikgass |
Tilknytt terminal | Via Åsgard transport til Kårstø |
Funnår | |
Oppstart | 3. november 2005 |
Geografi og geologi | |
Plassering | Sørvest på Haltenbanken i Norskehavet |
Koordinatar | 65°00′N 6°34′E / 65.00°N 6.56°E
|
Reservoardjupne | Ca. 5000 m |
Rettshavarar | |
Statoil 55,29 % Petoro 19,57 % |
Kristinfeltet er eit naturgassfelt sørvest på Haltenbanken i Norskehavet. Utvinning av naturgass og naturgasskondensat frå Kristinfeltet tok til i fast produksjon frå den 3. november 2005.
Equinor er operatør for Kristinfeltet. Feltet har fire produksjonsramer på havbotn med fire produksjonsbrønnar kvar, i alt tolv produksjonsbrønnar, som alle er knytte til den halvt nedsenkbare Kristinplattforma. Dagleg vert det produsert kring 10 millionar kubikkmeter gass, 125 000 fat kondensat og om lag 18 millionar kubikkmeter rikgass.
Reservoaret har eit trykk på 900 bar og ein temperatur på 170 °C. Dette er høgare enn for noko anna felt på norsk sokkel. Reservoaret ligg nesten 5000 meter under havoverflata.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olje- og energidepartementet: Fakta norsk petroleumsverksemd 2006. Nettversjon
- Fakta om Kristin Arkivert 2010-02-22 ved Wayback Machine. på http://www.statoil.com