Åsgardfeltet
Utsjånad
Åsgardfeltet er eit oljefelt og naturgassfelt på norsk kontinentalsokkel. Feltet er kalla opp etter Åsgard i norrøn mytologi. Feltet ligg i Norskehavet. Hovudforsyningsbasen for feltet ligg i Kristiansund, medan driftsorganisasjonen ligg i Stjørdal. Statoil er operatør for feltet. Utvinning frå feltet starta i 1999
Feltet ligg på 240-300 meters havdjup og er bygd ut med utvinningsutstyr på havbotnen. Utvinningsbrønnane er knytt til produksjons- og lagerskipet Åsgard A FPSO. Den halvt nedsenkbare oljeplattforma Åsgard B handsamar naturgasskondensat og naturgass. Til Åsgard B er det knytt eit lagerskip for naturgasskondensat, Åsgard C.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olje- og energidepartementet: Fakta norsk petroleumsverksemd 2005. Nettversjon