Émile Bernard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henri de Toulouse-Lautrec: Portrett av Émile Bernard, 1886

Émile Henri Bernard (28. april 186815. april 1941) var ein fransk målar og forfattar frå Lille. Han er særleg kjend for sine verk frå perioden 1886 til 1897, då han var aktiv mellom dei mest nyskapande målarane i samtida, noko han seinare skreiv inngåande om i bøkene han gav ut. Bernard vert rekna mellom dei postimpresjonistiske målarane, ganske særleg symbolismen.

Tilgjevinga i Pont-Aven, 1888
Innhausting ved havet, 1891

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Bernard var son til ein tekstilfabrikant. Familien flytta til Paris då Émile var 10 år gammal. 16 år gammal byrja han i lære hos målaren Fernand Cormon, der han vart kjend med Louis Anquetin og Henri de Toulouse-Lautrec. To år seinare braut Bernard av studiane hos Cormon, då han og læremeisteren hadde uforlikelege kunstsyn.

Vinteren 1886-87 møtte Bernard i Paris den nederlandske målaren Vincent van Gogh, begge to oppglødde over det visuelle møtet med japansk fargetresnitt. Bernard byrja elles snart å måle i ein pointillistisk stil. Våren 1887 reiste han til Normandie og Bretagne, saman med Anquetin. Bernard budde to månader i Saint-Briac-sur-Mer, før han reiste tilbake til Pont-Aven.

I Pont-Aven møtte så Bernard i august månad 1888 Paul Gauguin. Dei to målarane utvikla då syntetismen, ei kunstform der biletet framom alt utmerkar seg med skarpe og tydelege former og eit avgrensa fargespekter. Tre år seinare braut Bernard kontakten med Gauguin, då Gauguin fekk æra for stilretninga symbolismen.

Bernard la i 1893 ut på ei reise til Italia, og med finansiell stønad frå mesenen Antoine de La Rochefoucauld, til Egypt. Dei neste ti åra budde Bernard i Egypt, den gongen eit britisk protektorat. Han flytta i februar 1904 tilbake til Frankrike, der han var innom Paul Cézanne i Aix-en-Provence før han slo seg ned i Paris.

Resten av livet budde han for det meste i Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]