Émile Borel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Émile Borel
Emile Borel-1932.jpg
FøddFélix Edouard Justin Émile Borel
7. januar 1871
Saint-Affrique
Død3. februar 1956
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdesannsynsrekning, matematikk
Yrkematematikar, politikar, universitetslærar, fransk motstandskjemper
InstitusjonarUniversitetet i Paris
Université Lille-I
Alma materÉcole normale supérieure
Lycée Louis-le-Grand
DoktorgradsrettleiarGaston Darboux
EktefelleCamille Marbo
MedlemDet franske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Kungliga Vetenskapsakademien
Rumenske akademi
Accademia Nazionale dei Lincei
Det russiske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Félix Édouard Justin Émile Borel (7. januar 18713. februar 1965 i Paris i Frankrike) var ein fransk matematikar og politikar.

Han var professor ved universitetet i Lille frå 1893 til 1897, ved École Normale 1897–1903 og 1903–41 ved Faculté des Sciences i Paris. Borel var direktør for École Normale frå 1910 til 1920 og president for det franske vitskapsakademiet.

Saman med René-Louis Baire og Henri Lebesgue var han ein av pionerane når det kom til måleteori og korleis dette vart brukt i sannsynteori. Ei av bøkene hans om sannsyn introduserte det interessante tankeeksperimentet som gjorde innpasset sitt i populærkulturen under namnet Setninga om uendeleg mange aper. Han publiserte òg ei rekkje forskingspapir på spelteori.

Som politikar var Borel leiar for det republikansk-sosialistiske partiet og deputert i den franske nasjonalforsamlinga i fleire periodar 1924–1936. I 1925 var Borel marineminister i regjeringa til P. Painlevés.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]