Öckerö kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Öckerö kommun
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Västra Götalands län
Landskap Bohuslän
Areal 25 86 km²
 - land 25 74 km²
 - vatn 0 12 km²
Folketal 12 531
Öckerö Municipality in Västra Götaland County.png
Wikimedia Commons: Öckerö

Öckerö kommune er ein kommune i det svenske lenet (fylket) Västra Götaland, i landskapet Bohuslän. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Öckerö.

Heile Öckerö kommune vert kalla den nordre skjergarden til Göteborg. Kommunen består av ti busette øyar som alle ligg mellom øyene Vinga og Marstrand. Øyane heiter Grötö, Hyppeln, Källö-Knippla, Björkö, Fotö, Hälsö, Kalvsund, Rörö, Hönö og øya Öckerö. Øvrige øyer har ingen faste innbyggjarar. Hönö er den største øya.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Det går ei kostnadsfri bilferje til Lilla VarholmenHisingen i Göteborg og til Hönö og Björkö. Frå Hönö finst fast samband (bru) til øyane Öckerö og Fotö. Frå Öckerö finst det fast samband vidare til Hälsö og frå Burö kostnadsfri bilferje vidare til øyane i nord (Källö-Knippla, Hyppeln og Rörö). Frå Björkö går det personferje til Kalvsund og Grötö. Frå sentrum i Göteborg finst bussamband mellom sentralstasjonen og Lilla Varholmen.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Öckerö kommune har åtte tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Hönö 5 045
2. Öckerö 3 269
3. Björkö 1 409
4. Fotö 618
5. Hälsö 614
6. Källö-Knippla 420
7. Rörö 283
8. Kalvsund 228

Kjelder[endre | endre wikiteksten]