Tjörns kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tjörns kommun
kommune
Skärhamn Smiling Church.JPG
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Västra Götalands län
Landskap Bohuslän
Areal 168,16 km²
 - land 167,36 km²
 - vatn 0,8 km²
Folketal 14 960[1] (2011)
Tjörn Municipality in Västra Götaland County.png
Wikimedia Commons: Tjörn

Tjörn kommune ligg på øya Tjörn, som er den sjette største øya i Sverige i det svenske lenet (fylket) Västra Götaland, i landskapet Bohuslän. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Skärhamn.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tjörn er knytt til Stenungsund på fastlandet via Tjörnbrua, og til Orust i nord via Skåpesundbrua. Største tettstaden er Skärhamn, der òg kommuneadministrasjonen ligg. Andre samfunn, som gamle fiskevær, er til dømes Rönnäng, Klädesholmen og Kyrkesund. Billströmska folkhögskolan med kulturprofil ligg midt på Tjörn. På halvøya Mjörn på nordlege Tjörn finst forutan vakker natur òg Sundsby Säteri som på 1600-talet vart eigd av Margrethe Huitfeldt, mest kjend gjennom overleveringar, myter og segn.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Næringsliv på Tjörn er for ein stor del prega av sjøfarten. Tjörn husar nokre av dei større reiarlaga i Europa, mellom andre Viking Supply Ships AB (tidlegare B&N) med hovudkontor i Skärhamn, og Tarbit shipping (som er eit av dei større reiarlaga innan Nord-Europa som driv med frakt av varmlaster som bitumen (asfalt)). Wallhamn på austsida av øya har kapasitet til å ta hand om 100 000 bilar per år. Rett sør for Wallhamn ligg Djupviks verft som for det meste lagar aluminiumsbåtar for ulike styresmakter som politi, kystvakt og sjøredning. Rönnängs verft bygger mest middels store trålarar for eksport til Irland, men tar seg òg av reparasjon og renovering av eldre kanalbåtar.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Under sommarmånadane aukar folkemengda frå 15 000 til nesten 30 000. Ein stor del av turistverksemda er konsentrert til sørlege Tjörn. I Skärhamn finst mellom anna Nordiska akvarellmuseet, ein velrenommert gjestehamn, samt Bästkustens turistbyrå. Den tettbygde vesle øya Åstol med ca. 300 fastbuande er kjend for det omgjorte røykeriet med fullbooka visekveldar gjennom heile sommaren. I Säby finst den 200 år gamle Säbygården som er open for alle på onsdagar om sommaren. På Säby øy finst det eit steinhus frå 1860-talet som òg er verdt eit besøk.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Tjörn kommune har ni tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Skärhamn 3 180
2. Rönnäng 1 474
3. Höviksnäs 1 289
4. Myggenäs 1 270
5. Kållekärr 557
6. Klädesholmen 417
7. Stora Dyrön 272
8. Åstol 238
9. Bleket 236

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Vitja 7. januar 2012.