Stenungsunds kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stenungsunds kommun
Kommune
none
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Västra Götalands län
Landskap Bohuslän
Centralort Stenungsund
Areal 267 64 km²
 - land 253 54 km²
 - vatn 14 1 km²
Folketal 23 353
Folketettleik 91 5 / km²
Stenungsund Municipality in Västra Götaland County.png
Wikimedia Commons: Stenungsund Municipality
Nettstad: stenungsund.se

Stenungsunds kommun er ein kommune i Västra Götalands län i Sverige. Kommunen grensar berre til andre kommunar i Västra Götalands län: Uddevalla kommun i nord, Lilla Edets kommun i nordaust og aust og Kungälvs kommun i søraust og sør. Med kysten imellom grensar han også til øykommunane Tjörns kommun i vest og Orusts kommun i nordvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Stenungsund. Kommunen har hatt sterk folkeauke dei siste åra.

Kommunen er ein del av Stor-Göteborg. Han var lenge mest kjend som ein stad for bading ut mot kysten. I 1950- og 1960-åra vart det bygd opp petrokjemisk industri i tettstaden Stenungsund. Sidan har han har vorte den viktigaste staden i Sverige for produksjon av polyetylen, som vert nytta i samband med produksjon av plastprodukt.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Området kommunen utgjer i dag omfattar fem sokn, som vart gjorde til landskommunar i 1863. I Norums landskommun vart Stenungsunds municipalsamhälle oppretta i 1919.

Ved kommunereforma i 1952 vart Norum slått saman med Spekeröd, Ucklum og Ödsmål. Den nye storkommunen fekk namnet Stenungsund. Municipalsamhället vart samtidig oppløyst. Same året vart storkommunen Kode landskommun oppretta av dei tidlegare kommunane Hålta, Jörlanda og Solberga.

Ved kommunereforma i 1971 vart Kode oppløyst og Jörlanda församling overførd til Stenungsunds kommun, medan dei andre forsamlingane gjekk til Kungälvs kommun.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Blasonering: På eit skjold av sølv over ei bølgje i blått, tre svarte sirklar vassrett oppstilte med ein svart streng mellom, kvar og ein og dei med ein raud sirkel over og under, med ein svart streng mellom.[1]

Det som i blasoneringa vart skildra på eit rimeleg komplisert vis, er faktisk ei stilisert framstilling av propenmolekyla. Dette heng saman med kor viktig petrokjemien har vore for kommunen. Våpenet vart registrert i Patent- och registreringsverket i 1977.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Det er tolv tettstader i Stenungsunds kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Stenungsund 10 067
2. Stora Höga 2 553
3. Jörlanda 805
4. Hallerna 650
5. Ödsmål 557
6. Starrkärr och Näs 472
7. Svenshögen 438
8. Aröd och Timmervik 341
9. Strandnorum 334
10. Ucklum 240
11. Stenungsön 238
12. Svartehallen 201

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «I sköld av silver över en av en vågskura bildad blå stam tre bjälkvis ställda genom svarta strängar förenade svarta rundlar, var och en ovan och nedan genom svarta strängar förenad med en röd rundel.».